Øystein Nes, dagleg leiar i Inviro som arrangerer NordfjordTreffet, har dei siste månadane jobba utrøtteleg med å få i stand Nordfjord-regionen si største karrieremesse.
Dagen etter kunne han fortelje at han hadde vakna med eit stort smil om munnen.
– Korleis vil du oppsummere Nordfjordtreffet 2026?
– Smil, glede, inspirasjon og samarbeid, ein ekte folkefest. Det var strålande energi i salen heile dagen, og frå prosjektgruppa var det ei tydeleg kjensle av stoltheit. NordfjordTreffet skal vere ein festdag, og ein festdag vart det. Samstundes fekk vi både fagleg påfyll og styrka relasjonar på tvers av næringslivet i regionen.
Kor mange som kom til å møte opp var usikkert, men bremangerfolket skuffa ikkje.
– Det er alltid spenning når vi arrangerer NordfjordTreffet, knytt til påmelding, oppmøte og det faglege innhaldet. Samstundes har vi høge ambisjonar og forventningar. I år leverte alle som deltok i Bremanger og Svelgen på alle punkt. Når så mange bidreg, engasjerer seg og vil få det til, er det ein draum for oss i Inviro å vere prosjektleiar.

Skryt av samarbeidet
Nes understrekar at suksessen til årets treff kan tilskrivast det gode samarbeidet, og ramsar opp:
– NordfjordTreffet er eit lagarbeid. Bremanger kommune, med Dag, Suzanne, Anne Kristin og Anita i spissen, har gjort ein fantastisk jobb med organisering og mobilisering. Vi vil også trekke fram Bjørg og Arild på samfunnshuset, Einar på lyd- og lysteknikk, Terje og gjengen på mat med nydelege råvarer frå Coast Seafood, Ferstad Elektro for både straum og hjelp undervegs, 8.-klassingane for imponerande innsats gjennom heile kvelden, Elkem Bremanger for omvisning og støtte til foredragshaldar, Linda og teamet frå Framtidsfylket for fagleg kompetanseheving, Dag Otto som leverte til terningkast 6 frå scena, Sparebank 1 Sogn og Fjordane og Sparebanken Norge som er verdens beste sponsorar og ikkje minst alle gjestane og standsdeltakarane som gjorde dette til ein festdag for næringslivet i Nordfjord.

Innhaldsrikt program
Dagen starta med at næringslivet fekk omvising hos hjørnesteinsbedrifta vår, Elkem Bremanger.

Etterpå samla alle bedriftene seg på Samfunnshuset i Svelgen for workshop i regi av Framtidsfylket. Her jobba ein i grupper på tvers av bedrifter med refleksjonsoppgåver om korleis ein som bedrift kan drive «arbeidsgjevar-branding». Med andre ord, korleis ein kan marknadsføre seg sjølv som arbeidsgjevar for å tiltrekke seg dei beste kandidatane.

Etter workshopen fylte salen seg opp av publikum som kom for å høyre foredraget med Dag Otto Lauritzen.
Etter føredraget var det tid for utdeling av Nordfjordprisane. Her har bedrifter i regionen blitt nominert til kategoriane «Årets bedrift», «Årets gründer» og «Årets lærebedrift».
Prisen for Årets bedrift gjekk til selskapet Stryvo, som er ei mekanisk produksjonsbedrift frå Stryn. Årets gründer vart mannen bak selskapet EVDude, Jan Tore Fossheim, skildra som ein moderne Reodor Felgen-type. Han driv med forskning, utvikling og sal av utstyr og programvare for levetidsforlenging av høgvolt batteri.
Prisen for Årets lærebedrift gjekk til Stad kommune.

Då opplegget på samfunnshuset var ferdig, køyrde publikum i hopetal bort til idrettshallen for å delta på sjølve treffet.
Her vart dei ønskt velkomen med stettglas med mozell-brus, og ein idrettshall full av spanande stands.
Vil vidareutvikle konseptet
I følge Nes har NordfjordTreffet etablert seg som ein viktig møteplass på tvers av kommunegrenser og bransjar.
– Målsettinga med NordfjordTreffet er at det skal vere for alle, og at det skal vere ein del av grunnlaget for rekruttering, nettverk og profilering.
No vil dei sjå på korleis dei kan vidareutvikle konseptet:
– Gjennom dei siste fem åra har treffet fått ein god grunnstamme vi kan bygge vidare på. Eit sentralt spor vi no ser på, er å knyte oss tettare på avgangselevar i vidaregåande skule, slik at dei får betre kjennskap til moglegheitene og næringslivet i regionen. Men vi skal ikkje miste essensen av kva NordfjordTreffet er, så «NordfjordTreff-drakta» vil bestå, slår han fast.