Idyll i sofaen på Davik

Einar Marius og Eldar Victor på kvar si side av mor og far, Kim Solvang Forthun og Kristine Bernhardsen Solvang Forthun.
Einar Marius og Eldar Victor på kvar si side av mor og far, Kim Solvang Forthun og Kristine Bernhardsen Solvang Forthun.
Familien Forthun kom til Davik i 2022. No ser dei fram til å nyte våren i Nordfjord. Det vil seie dei kom med eitt barn. Etter flytting til Bremanger kom det ein gut til.

Vi møter dei heime på Sørsida i det sjelfulle huset ein ettermiddag. Dei to smågutane er heime frå skule og barnehage saman med mor Kristine, og far Kim.

Kim er frå Svelgen og vaks opp der. Men han reiste tidleg ut, og kom etter nokre år til Rogaland der han møtte Kristine. Kim har utdanning som kunstnar, og har mellom anna hatt ei utstilling med teikningane sine på Nordfjordeid. Kristine tar vakter i barnehagen på Davik.

Kjøpte gamalt hus
Huset dei kjøpte for nokre år sidan er eit gamal småbruk som blei reist like etter krigen.

I bakkane ovanfor fylkesvegen har dei utsikt over Davik-bygda frå eit hus som er fullt av bøker og fargar.

Familien kom altså til kommunen før rekrutteringspakken blei vedtatt av dei folkevalde. I dag har dei likevel glede av ordningane. Særleg dei som gjeld gratis barnehage og fritidskort for ungane.

Og familien er ikkje dei einaste som har flytta til Davik dei siste åra. Det har kome ein del heimflyttarar og tilflyttarar til bygda, i tillegg til Forthun-familien som kom frå Sandnes til Nordfjord.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.