Simon og Henriette valde Berle

Simon og Henriette tok med ungane og flytta frå Bergen til Berle. No gler dei seg til eit liv i Bremanger kommune dei komande åra.

Med på kjøpet fekk dei ein fjelltopp med utsikt over heile Berlebygda, Frøysjøen, Kinnaklova og øyane vest for Florø.

Begge har fått jobb

Simon Fonn Storevik (40) og Henriette Olsbø Frøyen (35) har begge studert i Bergen. Deretter budde dei på Landås dei kom til Berle.

Simon fortel at som student er det lett å velje storbyen.

– Men så endrar livet seg i småbarnsfasen, ein forstår kor dyrt det er i byen for dei som vil kjøpe hus, og ein vil ha noko anna enn det urbane. For vår del var vi komne dit då huset i Berle dukka opp på finn, fortel han.

No har Simon fått jobb som lærar på Hauge skule i ytre, og Henriette har fått jobb som lærar i Svelgen.

Tre nye barn til kommunen

Eldsteguten Hans blir førsteklassing denne hausten, og skal køyre med pappa til og frå Hauge kvar dag. Minsteguten heiter Jonn, men dei har eit barn til på veg så i februar blir familien med hus i idylliske Berleneset til fem.

Draumen om småbruk

Simon fortel at han er glad i å lage mat, og har laga seg ein kjøkkenhage på den store tomta. Der skal han dyrke ulike grønsaker. I tillegg er planen å kjøpe båt for å fiske eller til rekreasjon på fjorden. Og dei vil ha sauar.  

Henriette er frå Svelgen og har begge foreldra sine frå Bremanger kommune. Simon er bergensar, og var skulegut på Møhlenpris.

Passerte Berleporten

Dei siste åra har dei vore ein del på hytta familien til Henriette har i Rugsund. Det var i løpet av desse feriane

 draumen om småbruk sakte men sikkert tok form. 

Simon fortel at på ein av desse turane kom dei forbi Berleporten som det står skrive over tunnelopninga frå fylkesvegen.

– Då vakna interessa, fortel han.

No har dei betre økonomi enn på fleire år, og ser fram til eit liv på småbruket ved Berlepollen i Bremanger.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.