Thomas vil satse i Bremanger

SFE-lærling Thomas Gytri likar seg i Bremanger.
SFE-lærling Thomas Gytri likar seg i Bremanger.
SFE-lærling Thomas Gytri (21) er i gang med sitt andre fagbrev.

Det første fagbrevet tok han i Rugsund som energimontør i Linja. Det neste tar han i Svelgen som lærling hos SFE. Når det er gjennomført, kan han kalle seg energioperatør.

Det blir nokre timar i friluft. Foto: SFE.

Garnisonen i Sør-Varanger
I skrivande stund har han permisjon frå lærlingplassen på kraftstasjonen i Svelgen. Det er fordi han avtener verneplikt som soldat i nord. I Kirkenes, mot grensa til Russland, ligg Høybuktmoen som kanskje er betre kjend som Garnisonen i Sør-Varanger.

I januar reiste han nordover til Finnmark, og skal vere der eit år. Våren 2027 kjem han tilbake til Svelgen for å fullføre fagbrev nummer to i regi av SFE.

Thomas flyr ein del helikopter i jobben. Foto: SFE.

Likar å fly helikopter
Thomas har vore i SFE eit halvt år, og bur i Dalen i Bremanger. Der bur han fordi han vaks opp der, i alle fall frå han begynte i femte klasse. Stefaren er elektrikar. Då var vegen til elektro-linja på Flora vidaregåande etter ungdomsskule på Hauge kort, fortel han:

– På skulen lærte vi ikkje så mykje om det som skjer på smelteverket og kraftstasjonen i Svelgen. Derfor er det ekstra kjekt å setje seg inn i alt som skjer her.

Korleis ser ein vanleg dag ut for deg som lærling?

– Då er eg gjerne inne i fjellet. Det er kontroll i trafohallen med alt av transformatorar, sjekke at alle verdiar er som dei skal vere. Vidare sjekke på lekkasjar, generatorar og det som er. I det heile tatt er det mykje vedlikehald på anlegga våre.

Flyr du ein del helikopter i jobben?

– Ja, det likar eg godt. Å fly er kjempekjekt. Blir ein del av det i kvardagen. Det er Airlift frå Førde og Fjord Helikopter frå Stryn som flyr på anlegga våre i Svelgen og Ålfoten.  

Kjekt å lære av eldre kollegaer. Då blir det ein del humor. Foto: SFE.

Vil bu i Bremanger
I skrivande stund er han som sagt soldat i nord. Til våren neste år er han tilbake i Svelgen for å fullføre fagbrevet. Deretter er planen å bu i Bremanger, og då helst i Dalen kor han pendlar til og frå Svelgen. Der har 21-åringen kompisane sine, og der er han aktiv som fotballspelar for Bremanger idrettslag.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.