Ungane i Stasjonen barnehage på Hauge fekk både middag og dessert av sanitetskvinnene i bygda. – Vi er heldige, seier fagleiar for barnehagen, Nina Grotle.

Det var næringsrik og godt mat ungane fekk servert då kvinnene i saniteten sette i gong.
På menyen var det heimelaga kjøttkaker med potet, gulrot og brokkoli. Til dessert fekk både ungane og dei tilsette gelé med vaniljesaus av Bremanger sanitetsforeining.
– Vi koste oss ved bordet – alt smakte veldig godt, seier Grotle.
Seansen har etterkvart blitt ein tradisjon for barnehagen – dei siste 15 åra har dei rause damene i saniteten spandert middag på oss ein dag i november, fortel Grotle.

Driftige damer
Ytre Bremanger har ein lang tradisjon med sterke kvinner. Ei av desse var Amanda Igland i Bremanger Fiskarkvinnelag. I denne omgang gjeld det ei anna gruppering, nemleg sanitetskvinnene.
Denne humanitære organisasjonen kan føre historia tilbake til sterke profilar som Fredrikke Marie Qvam, Randi Blehr og Gina Krog. Dei stod alle i bresjen for røysterett for kvinner, men var også involverte i kampen mot tuberkulose som var ei stor utfordring på den tida. I dag er organisasjonen landsomfattande slik vi såg dette på Hauge då damene svinga opp med middag og dessert til barnehageungane i bygda.
Telegrafstasjon
Ettersom det ikkje er jernbane i Bremanger spør gjerne tilreisande kvifor ei gate på Hauge i Bremanger har fått namnet Stasjonsvegen. Forklaringa på det, er at i den gata låg det i si tid ein telegrafstasjon. Telegrafen er ikkje der lenger, men namnet lever vidare som ei påminning om det som ein gong var – og barnehageungane er der, i Stasjonen barnehage.