Cauphy var smilande og blid, og høyrte med interesse på det vi hadde å fortelje då Gode Bremanger var der.
Stor interesse for rekrutteringspakken
På campus møtte vi studentar frå Måløy, og andre igjen frå Bergen, og nokre frå utlandet. Fleire av vestlendingane hadde besteforeldre frå Bremanger. Felles for dei alle var interessa for kommunen vår, og den ekstra interessa som kom då vi fortalte om rekrutteringspakken. Dei fleste ville ha brosjyre og t-skjorte.
I dag studerer nesten fem tusen studentar på campusen ved Voldsfjorden.
Den unge Aasen
Høgskulen i Volda har eit hovudbygg som er kalla opp etter Berte Kanutte Aarflot. Den unge Ivar Aasen var ein flittig gjest i biblioteket til Aarflot-familien. Så her er dei boklege tradisjonane mange og lange slik det rike studietilbodet også viser.

I Volda er det mange studentar frå Sunnfjord og Nordfjord.
Kanskje tar dei turen til Bremanger denne våren, eller til sommaren, for å lære meir. Eller kanskje tenkjer dei som salige Ivar Aasen at dei «skal koma, um inkje so braadt».
Til sist nemner vi at Oddny skal spele på Dei nynorske festspela i juni:
