Skipingsmøte blir måndag 7. september kl. 18.00 i kjellaren i Kulturhuset Heimen på Hauge.
I følge Solbakken og Nygård skal Heimen Kreative Verkstad vere ein uformell møteplass, kor deltakarane kan ta med eigne prosjekt og arbeide saman med andre i eit sosial og inspirerande miljø.
Dei understrekar at dette ikkje er eit sykurs, men ein open verkstad kor ein kan dele erfaringar, idéar og kunnskap med kvarandre.
Vil arrangere temakveldar og aktivitetar
Initiativtakarane ønsker å arrangere kveldar med ulike tema, som til dømes lappeteknikk, redesign og trykk på tekstil.
Dei vil også undersøke moglegheitane for eit felles saumprosjekt med utstilling/salsutstilling, eller at ein kan sy kostymer til ulike prosjekt i samarbeid med andre lag.
Kun fantasien set grenser for kva ein kan gjere ut av samlingane.
Viktigaste er det sosiale
For Elisabeth Solbakken var det å skape ein sosial møteplass den viktigaste motivasjonen.
– Motivasjonen er å treffe likesinna, samt at vi har eit ønske om ein ny type sosial møteplass i bygda. Det er ikkje alle som er med i kor og korps, eller andre typar foreiningar. Då kan dette vere eit godt alternativ. For min eigen del handlar det mykje om å kunne gjere noko anna enn det eg gjer til dagleg, både på jobb og privat – som er musikk, musikk og litt saum.
Hildegard og Elisabeth er både naboar og gode venninner, og er begge drevne innan saum og anna handarbeid.
– Hildegard er ei særs kreativ sjel. Ho har alltid skapt noko, anten med strikking, maling, nåleullfilting og med saum. Ho sydde mellom anna kostyme til førestillinga «Bella og Solla – og Per» i vår.

Starta sykurs
I haust har Solbakken i tillegg starta opp sykurs for nybyrjarar i regi av kulturskulen, med åtte påmelde. Ho har teke over etter tidlegare kulturskulelærar i visuelle kunstfag, Reidun Øvrebotten.
– Å vere lærar i saum etter Reidun er som å «hoppe etter Wirkola», men eg har funne ut at eg har nok kunnskap til å lære opp nybyrjarar i alle fall. Eg starta mi sykarriere som 19-åring på skjortefabrikken i Selje, og har sydd privat sidan. Har også delteke på Reidun sine kurs, og har dei seinare åra gått mange nettkurs i saum.
Praktisk informasjon
Ta med deg eiga symaskin og det du vil arbeide med. Kaffi, inspirasjon og godt selskap er inkludert. Verkstaden vil vere open i tre timar desse måndagane:
7. september, 5. oktober, 19. oktober, 2. november, 16. november, 30. november, 7. desember, 14. desember, 4. januar, 18. januar, 22. februar, 8. mars, 22. mars, 19. april.
Kva kan du jobbe med?
- Sying av klede
- Redesign og ombruk
- Reperasjon og tilpassing av plagg
- Lappeteknikk og quilting
- Vesker og interiørprosjekt
- Broderi og andre tekstile teknikkar
- Eigne prosjekt
Må du ha eiga symaskin?
Ta helst med eiga symaskin. Bremanger kulturskule har nyinnkjøpte sysmaskiner som kan lånast under verkstaden. Det er ikkje mogleg å låne desse med seg heim.