Besøkte konsentrasjonsleirar i Polen og Tyskland

Ungdomane frå Bremanger besøkte Auschwitz.
Ungdomane frå Bremanger besøkte Auschwitz.
Første veka i september reiste 10. klassingane frå Bremanger på tur til Polen og konsentrasjonsleirane der.

Hilde Gretha Hauge var med som mor og medhjelpar. Ho fortel om mange sterke opplevingar for ungdomane.

Turen starta på Hauge. Då dei kom til Kolset kom elevane frå Davik ombord i bussen. Deretter vidare til Svelgen og Austlandet.

– Ungdomane var ikkje i landet då gravferda til kongen var. Difor reiste vi til Slottsplassen for å legge ned blomar då vi kom til Oslo, fortel ho.

Slottsplassen i Oslo.

Kryssa Skagerrak
Dei 40 ungdomane tok så ferja saman med dei vaksne til Kiel i Tyskland. Hilde fortel at det var ein fin gjeng som reiste:

– Dette var tredje samlinga dei møttest det siste halvåret. Først konfirmasjonsundervisning, deretter aktivitetsdagen i Ålfotdalen, og no tur til Polen og konsentrasjonsleirane der. Samlingane har ført til mange sosiale band på tvers av bygdene, og det er kjekt å sjå.

Legg merke til skiltet over inngangen: Arbeit macht frei.

Var i Auschwitz
Etter Kiel kom dei til ein polsk by som heiter Wrocław. Langt å køyre, men ungdomane var tolmodige. Neste dag kom dei til Auschwitz som er den største konsentrasjonsleiren nazistane bygde for masseutrydding særleg av jødar. Ein veit ikkje eksakt kor mange menneske som blei gassa ihel der, men det skal ha vore millionar.

Etterpå gjekk turen til Birkenau som er det tyske namnet på den polske landsbyen Brzezinka. Størstedelen av Auschwitz-komplekset er plassert der.

Tilbake på hotellet fortalde sonen til eit jødisk tidsvitne om leirane dei hadde besøkt. Mannen var norsk så dette blei også ei sterk oppleving.

Saltgruvene i Krakow.

Turist i Krakow
Neste dag fekk dei ein lettare tur til Krakow og saltgruvene der. Dei hadde også ein kveld med polsk folkedans, kor ungdomane dansa og hadde det kjekt.

Onsdag reiste dei til Tyskland, og kom til Tropical Island som er det største badeanlegget i Europa. Anlegget ligg i i Krausnick, omtrent 60 km sør for Berlin. Her var det innandørs strand, varme basseng, sklier, palmar og badstove.

Holocaust-monumentet i Berlin.

Stasi i Berlin
Neste dag var det tilbake til alvoret då dei kom til Berlin. Omvisinga i Stasifengselet gjorde inntrykk. Stasi var det hemmelege politiet til styresmaktene i tidlegare Aust-Tyskland.

Guiden hadde budd i Berlin og kunne fortelje mykje om byen, og om Stasi. Ungdomane frå Bremanger besøkte dei mest kjende landemerka i den tyske hovudstaden som Checkpoint Charlie, og det som er igjen av Berlinmuren.

– Vi var på plassen over Hitler sin personlege bunker, og det var ganske sterkt fortel Hilde.

Ho legg til at i Tyskland finst det nokre samanhengar som er ganske tankevekkande:

– Stasi brukte konsentrasjonsleirane då dei kom i gang med sine program etter krigen. Dermed var ikkje den vonde historia over då freden kom i 1945.

Innsjøen ved Ravensbrück.

Krigsfangar frå Bremanger
Neste dag kom dei til konsentrasjonsleiren der dei fleste norske sat, også krigsfangar frå Bremanger. Sachsenhausen i Oranienburg er omtrent 35 km nord for Berlin.

Meir enn 200 000 menneske ble internerte i Sachsenhausen, mellom anna politiske fangar, jødar og krigsfangar frå mange okkuperte europeiske land.

Ved Tårenes sjø.

Til ungdommen
Etter lunsj reiste dei til Ravensbrück som var ein kvinneleir omtrent 90 km nord for Berlin. Her blei fleire hundre tusen fangar utsette for tvangsarbeid, svolt, mishandling og medisinske eksperiment. Titusenvis døydde og blei drepne.

– Ved innsjøen Schwedtsee, som blir omtalt som Tårenes sjø song vi Til ungdommen av Nordahl Grieg, og vi la ned blomar. Det gjorde sterkt inntrykk på ungdomen våre, fortel Hilde.

Deretter ei overnatting til i Tyskland, og heim til fredelege Bremanger.

Ungdomane la ned blomar på alle dei norske minnesmerka i leirane dei besøkte.

Viktig å hugse
Hilde fortel at dei jobba på dugnad og fekk sponsing til turen frå næringslivet og kommunen før dei reiste. Truleg får dei refundert ein del av utlegga frå Utdanningsdirektoratet.

– Aktive Fredsreiser var arrangør og dei gjorde ein god jobb. Sjølv om ungdomane var slitne då dei kom heim hadde dei vore med på viktige og tankevekkande opplevingar. Tenk berre på høgreradikale Alternativ for Tyskland, og oppslutninga dei har fått i aust. Det er bra at ungdomen får lære om historia så vi ikkje gløymer det som har skjedd. Så vil vi gjerne få takke skulane, kommunen og alle som har støtta oss slik at vi kunne ta denne viktige turen, avsluttar ho.

Frå det sovjetiske minnesmerket i Berlin.

Opplysningane om konsentrasjonsleirane er henta frå Store norske leksikon på nett. 

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.