I følge innleigd prosjektleiar Thomas Sætren, er ei rørgate i praksis pipa til smelteomnen, som leier mikrosilicahaldig røykgass frå omnen og opp til reinseanlegget i Kupa.
– I 2019 vart Omn 5 modernisert og då bytta dei rørgata fra omnen og fram til der vi held fram no, seier Sætren.
Alder og slitasje er årsaka. Rørgata som dei skal bytte er nemlig frå slutten av 70-talet.
Når jobben er ferdig, står det kun att eit rett strekk oppe i reinseanlegget som framleis er i original forfatning.
110 meter lang
Krana har ein hovedbom og ein jibb (tupp) som til saman er om lag 110 meter lang. Normal arbeidshøgde på toppen av krana vil variere.
Under kan du sjå skisser som viser at toppen på krana normalt ligg på ei høgde på inntil 83-85 meter, avhengig av kva del av rørgata vi skal løfte ned.

– Rørgata som skal byttast er inndelt i fire delar; øvre bend, øvre rettstrekk, nedre rettstrekk, samt nedre bend. I tillegg til røra så er der også fleksible koblingar, såkalla ekspansjonsstykker. Desse er påkrevd fordi stålet trekk seg saman og utvidar seg med temperaturen, og utan desse ville det blitt høge spenningar i stålkonstruksjonane som kunne føre til strukturskade, forklarar Sætren.
– Dersom alt går knirkefritt, er jobben tenkt å ta 8-9 dagar. Men kranarbeid er væravhengig og det siste døgnet har vind ført til at vi har måtte stoppe løfteoperasjonene. Vi vil starte opp igjen arbeidet i kveld, avsluttar Thomas Sætren.