Torsdag 21. mai vart kommunen si fyrste budsjettkonferanse heldt på Samfunnshuset i Svelgen. Tilstades var kommuneleiing, kommunestyret, driftsjefar, fagleiarar, tillitsvalde og hovudverneombud.
I samband med budsjettsaka i desember, gjorde kommunestyret eit verbalvedtak om kome tidlegare i gang med budsjettprosessen. Administrasjonen har følgd opp dette med å innføre budsjettkonferanse i mai, som ein fast aktivitet i årshjulet.
– Dette for å sikre god og tidleg involvering av kommunestyret i budsjettarbeidet, forklarer kommunedirektør Tom Joensen.

Skape felles forståing
Kommunedirektøren fortel at hovudføremålet med denne budsjettkonferansen var å skape ei felles forståing av verkelegheita og dei utviklingstrekka ein ser, som grunnlag for å gjere dei rette prioriteringane.
Med andre ord; kva utfordringar ligg føre oss, og korleis skal vi møte dei?
Eksempelvis ser ein at den framtidige kommuneøkonomien blir prega av:
- befolkingsnedgang; færre barn blir fødde og større andel eldre per yrkesaktive innbyggar
- strammare økonomisk handlingsrom som følge av pris- og lønnspress
- varierande lokale føresetnader avhengig av skattegrunnlag og effektivitet i tenesteyting. Fleire arbeidsplassar og fleire yrkesaktive innbyggarar betyr meir skatteinntekt. Effektivitet i tenesteyting heng mellom anna saman med organisering/struktur og bruk av teknologi. Det er til dømes dyrare å levere tenester i ein kommune med spreidt busetnad enn i ein kommune med sentral busetnad.
Utviklinga gjer at det blir auka behov for strategisk planlegging, digitalisering og styringsindikatorar for å sikre berekraftige tenester.

Utfordringar, men også moglegheiter
Kommunalsjefane la etter tur fram økonomisk status, samt perspektiv på utfordringar og moglegheiter innanfor sine område.
I oppvekstsektoren ser ein at færre barn utfordrar berekrafta i dagens organisering. Det er til dømes dyrare å drive mange små skular, enn færre store. Ein ser også:
- fleire barn og unge med samansette behov. Dette krev meir ressursar og ein meir heilskapleg og førebyggande innsats på tvers av tenester.
- spenning mellom forsvarleg drift og naudsynt langsiktig kvalitetsutvikling og omstilling. Dersom ein brukar mykje ressursar på å drive forsvarleg, så blir det mindre att til å tenke langsiktig og utvikle tenesta.
- færre og færre utdannar seg til barnehagelærarar, som har ført til ei langvarig bemanningskrise nasjonalt.
Innanfor helse- og omsorgssektoren tyder prognosane på at det vil bli fleire hjelpetrengande i framtida, noko som vil legge press på tenestene slik dei er i dag. I tillegg ser ein utfordringar knytt til:
- rekruttering, samt å behalde dei tilsette. Dette resulterer i meir bruk av vikarbyrå, som er kostbart.
- fleire yngre treng tenester
- spreidt busetnad
Men kva er moglegheitane? Det kan til dømes vere:
- at fleire eldre kan bu trygt heime lenger
- at ein må sentralisere tenester
- nytte KI i til dømes arbeidstidsplanlegging og anna
- meir samhandling mellom pårørande og frivillige
- meir bruk av teknologi
Velferdsteknologi er framtida
Eit godt eksempel på velferdteknologi som gir god gevinst, er medisindispenserar. I vår kommune er 40 slike i bruk. Dette har spart kommunen for 2,4 millionar kroner, noko som tilsvarar meir enn to årsverk.
Eit anna eksempel som enno ikkje er teke i bruk hos oss, er teknologi for digitale tilsyn på natt. Dette kan brukast på institusjonar, i bufellesskap og hos heimebuande.
Dette er teknologi som er godkjent for bruk i norsk helsevesen, og som har mange fordelar for både brukarar, tilsette og tenesta.
Store vedlikehaldsetterslep
Innanfor kommunalområdet Samfunn og utvikling ser utfordringsbiletet slik ut:
- Stort vedlikeholdsetterslep på bygg, eigedom og kommunale vegar
- Høg lekkasjeandel på vassleidningsnettet. 90% lekkasjar. Store mengder reinsa drikkevatn forsvinn før det når fram til abonnentane
- Høg andel direkte-utslepp til sjø frå husstandane – 50%
- Feil og manglar på stort sett alle bruer
- Mange brannstasjonar og aukande krav i høve brannpersonell, kompetanse, utstyr og utrykningstider gjer at kostnadane aukar.
Kommunalsjef Karl-Vidar Førde streka under behovet for å legge langsiktige planar for dei ulike områda.
- Kan ein samle funksjonar og tenester, for på denne måten å redusere tal på bygg ein treng? Mindre areal betyr mindre vedlikehald.
- Skal vi prioritere større utskiftingar innan leidningsnett for å få ned lekkasjeandelen?
- Skal vi revidere brannordninga?
- Kva andre område, utover dei vi allereie har, kan vi samarbeide med andre kommunar om.

Positive politikarar
Dei folkevalde einast om at konferansen var nyttig.
– Tilbakemeldingane i vår gruppe var at informasjonsdelen var både interessant, nyttig og lærerik, skriv Svenn Olav Senneset (Venstre).
– Veldig nyttig å kunne høyre kva utfordringar som ligg føre oss. Eg tenker at ved neste budsjettkonferanse bør ein vise dei samme presentasjonane med oppdaterte tall for å vise om vi er på «rett veg», skriv Øyvind Heimtun (Senterpartiet).
– Konferansen danna eit godt grunnlag for haustens budsjettarbeid, skriv Arbeiderpartiet.
– Veldig bra at vi får ein budsjettkonferanse, og at den kjem så tidleg, skriv Leo Cirotzki (SV).
