Kari Bale er frå Sogn, men har budd lenge på Nordfjordeid. Siste tida før ho pensjonerte seg jobba ho som lærar. No gler ho seg til å drive kafé.

Tradisjonsrike Rugsund Handelsstad ligg idyllisk til ved leia.
Ope heile juli
Fredag 26. juni opnar ho dørene. Kafeen skal vere open heilt til søndag 2. august. Kari har ope alle dagar bortsett frå måndagar. Opningstida er frå 11 til 17.
– Vi skal drive i den gamle butikken så det blir kjekt, seier ho.
Bale legg til at Rugsund Handelsstad har vore der lenge, og at særleg båtfolket er interesserte i staden og historia. Den gamle leia mellom Nordfjord og Bergen gjekk som kjent gjennom sundet der handelsstaden ligg.
Frå 1600-talet
Rugsund si handelshistorie går attende til tidleg på 1600-talet då borgarar frå Bergen slo seg ned på øya. Deretter var det fleire skifte.
For godt hundre år sidan kjøpte Skaar-familien staden som framleis er i familien si eige. Rugsund Handelsstad er i dag freda.

Kafeen er i den gamle landhandelen.
Har softis
Kari tilbyr både mat og drikke til dei som tar turen innom. Heimelaga pizza, nysteikte sveler og bollar av ulike slag står på menyen. I tillegg kaffi, te og brus, juice og brus.
– Og vi har eplekake som du kan få softis til. I år har vi fått ny softismaskin, så det trur eg blir bra, seier ho.
Sjølv om dei fleste tilreisande kjem med båt, er det kort bilveg frå enden av Rugsundbrua og bort til staden.
Hytte på Rugsundøy
Sjølv har ho og familien hatt hytte på Rugsundøy dei siste 30 åra. Dermed er dei godt kjende i området.
Kari Bale er utdanna næringsmiddelteknolog, og har jobba på laboratoriet ved Nordfjord Slakteri.
Denne sommaren skal ho drive kafé i landhandelen på Rugsundøy. Der er alle velkomne.
