Bokbad og utstilling i Berle

Johann Nyborg er frå Berle.
Johann Nyborg er frå Berle.
Laurdag 20. juni stiller Johanne Nyborg ut bileta sine i heimbygda Berle. Samtidig blir det bokbad med den nybakte forfattaren. Staden er grendahuset frå klokka 15.00.

Som fotograf og biletkunstnar debuterte Johanne på den prestisjetunge Haustutstillinga i Oslo sist haust. Men ikkje berre det. Denne våren kom ho med bok på Samlaget. Det er den utgjevinga bokbadet skal handle om.

Tolv dagar i april
I boka Tolv dagar i april tek ho lesaren med inn i fjøsen, der ho gjennom tekst og bilete skildrar den vakre og brutale lammingsperioden. Foreldra bur på Antonsgarden midt i Berle-bygda, og det er dit ho drar for å vere med på lamminga.
 
Johanne er 17. generasjon så slekta har drive gard i vårt område lenge. Dei 16 første åra av livet budde ho i Berle, før turen gjekk til Firda på Sandane. Etter den tid har ho budd i Oslo.

I boka utforskar ho òg forholdet til mor si, til garden ho voks opp på, og den indre dragkampen mellom bygd og by.

I dag lever ho det livet ho ein gong ønskte seg, men under overflata ligg uvissa om kvar ho skal ende opp. Vil ho bli verande i byen, eller vil ho vidareføre arven på garden ved Frøysjøen?

Reise eller bli
Desse tankane representerer eit tema i tida. I samband med lanseringa var ho i ein litterær samtale med Maria Lavik frå Eksingedalen ved Voss. Maria er nemleg opptatt av dei same vanskelege spørsmåla. Skal ho blir på garden ho har odel til, eller er det betre å bu i byen? For Maria Lavik blei konklusjonen at ho vil vere i Oslo, så dette dilemmaet finst det fleire svar på.

No blir det bokbad i vakre Berle!

Vi håpar folk i bygda, og elles i Bremanger, har merka seg klokkeslett og dato.

Johanne heime i fjøsen.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.