Dei digitale turistvertane er oppe og går

Suzanne Sagebø og Karl Vidar Førde.
Suzanne Sagebø og Karl Vidar Førde.
Dei digitale turistvertane er oppe og går på tre stadar i kommunen: Svelgen, Kalvåg og Iglandsvik.

Vertane består av tre store digitale informasjonstavler med touch-skjerm, og er i hovudsak meinte for turistar som vil orientere seg i området.

I Svelgen (ved rådhuset), Kalvåg (ved Galleri Torsheim) og på Iglandsvik (Farmen) finn ein no slike tavler.

– Alle skjermane er operative. Men dette er eit prosjekt under utvikling der vi lærer undervegs, fortel kommunalsjef Karl Vidar Førde.

Skjermen på Iglandsvik.

Skjermane svarar ute mykje
På skjermane er det informasjon om ulike aktivitetar, overnattingsstadar og andre ting ved Bremanger turistar ofte vil ha svar på.

Innhaldet står Visit Nordfjord for, og den tekniske løysinga er ved firmaet Procon Digital som har base i Oslo-området. Dette er det same firmaet som har levert den nye infoskjermen i hovudinngangen på rådhuset.

Satsing på turisme
Skjermane inngår i den fornya satsinga på turisme i kommunen. Tidlegare hadde ein fast tilsette turistvertar om sommaren. No er målet å kunne svare ut det meste via skjermane, fortel Førde.

– Så forstår vi at dette er nytt. Difor kan ein sjølvsagt ringe og kontakte Servicetorget om ein har spørsmål. Ambisjonen er likevel at vertane skal bli så gode at turistane finn den informasjonen dei treng der, fortel Suzanne Sagebø, som er kommunikasjonsrådgjevar.

Skjermen i Kalvåg heng ved Galleri Torsheim.

Meir informasjon på gong
Sagebø forklarer at ein kan ha ulike informasjon på dei tre skjermane, men at så langt speglar dei kvarandre i den forstand at informasjonen om Bremanger er lik på alle tre.
Kommunen jobbar også med dei statiske skiltplatene som finst på eksisterande trestativ. Dei er det relativt mange av, til dømes på ferjekaiene.

– Der skal vi  oppdatere sjølve skiltet, altså bytte ut dei gamle utdaterte skilta med oppdaterte skilt, seier Førde. Han legg til at den fasen ligg noko lenger fram i tid.

– Det nye tilbodet med turistvertar vil nok bli betre etter kvart når vi får litt meir erfaring, og ser kva folk er interesserte i, smiler Sagebø.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.