Pause i rassikringa ovanfor Svelgen

Inge Arstein (70) er leigd inn som trafikkvakt.
Inge Arstein (70) er leigd inn som trafikkvakt.
Arbeidarane som jobbar med rassikring på vegen ovanfor Svelgen tar ferie frå i ettermiddag, og til måndag 27. juli. Då er dei i gong igjen frå klokka 08.00.

Inge Arstein (70) jobbar som trafikkvakt på strekninga som blir sikra forbi Svelgsvatnet, og Sørdalsvatnet. Sunnfjordingen er frå Straumsnes i Dale, men bur no på Sande i tidlegare  Gaular kommune.

Inge har jobba på anlegg heile sitt vaksne liv.

– Eg begynte som skytebas i 1976. Sidan den tid har eg skote tunell over heile landet, seier han. Først for Høyer-Ellefsen som er ein kjend entreprenør for folk i Svelgen. Seinare for Vegdekke, og no sist for AF Gruppen som skal skyte den nye skipstunnelen gjennom Stad.

Arstein er pensjonist, men innleigd for å vere med på fjellsikring langs fylkesveg 614 i Bremanger kommune.

Arstein passar på at bilistane kjem trygt forbi anleggsområdet.

Ferie i veke 28, 29 og 30
Det er fylkeskommunen som er oppdragsgjevar når Sogn Vegdrift gjennomføre reinsk og sikring av det som blir kalla registrerte skredpunkt ved Straumane. Arbeidet starta opp i mai, og skal halde fram utover hausten, og til oktober.  

I veke 28, 29 og 30 har entreprenøren ferie. Då er det altså fri ferdsel. 

Ferie frå i kveld
Prosjektleiar Andrine Orrestad, som arbeider for Sogn Vegteneste, seier i ein e-post at det vil vere redusert fartsgrense forbi arbeidsområdet gjennom ferien. Arbeidet vert avslutta klokka 20.00 i kveld.

Den raude markøren viser Straumane der Sogn Vegdrift arbeider med sikring av fjellet.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.