Når bygget blir tett er planen å halde fram inne.
I sjøen nedanfor ligg eit vell av små og store robåtar som også er i kystlaget si eige. Grotlaren, som er den eldste, er meir enn 250 år gamal.
– Kan godt hende båten er eldre. Men 250 år er det vi kan dokumentere, forklarer Pedersen.
I så fall betyr det at båten går tilbake til dansketida då diktarpresten Claus Frimann huserte på Davik.

Foto av bua før arbeidet kom i gang.
Medlemmene kan bruke båtane
Ved kaia ligg også Gølejenta frå Sørgulen. Dette er ein spelbåt som blei brukt i samband med kasting av landnot. Båten er bygd på 1920-talet, så også her er det levd liv og historie. Av utsjånad minner båten om veslesøstera Nigaren som kystlaget også har i si eige. Inne på sildesalteriet finst det fleire båtar, mellom anna eit smykke av ein Gavl som står der nymåla og klar. Dette er Nigaren som var den første båten kystlaget eigde då det vart stifta i 2004.
– Alt dette er båtar medlemmene våre kan bruke når dei vil. Vi har både segl og årar, forklarer Pedersen.

Kvar torsdag møtest gjengen til dugnad.
Første del frå 1800-talet
Kor gamal er så Vamråkbua? I andre halvdel av 1800-talet opplevde Kalvåg eit makelaust rikt sildefiske. Men bygda låg også i eit område med mykje torsk. Så her var det fleire fiskeslag å hente. Dette skriv sokneprest Koren utførleg om i dagbøkene sine frå 1860-talet.
Det var på tampen av denne klondike-perioden første del av Vamråkbua blei bygd som sjøbu. I mellomkrigstida starta så Albert Vamråksildesalteriet som med tida blei eitt av dei største i fiskeværet.
Då var det hektisk aktivitet inn mot ein ny sildeperiode. Etter krigen eksporterte familien spekesild til Russland, Tyskland, USA og Sverige mellom anna. I tillegg kom ei rekke andre destinasjonar i Norden, og på Vestlandet.

Terje Røys har full kontroll på gamle begrep og båttypar.
Men alt har si tid som det heiter, og på 1990-talet overtok Kystmuseet i Florø sildesalteriet på Kalvøyna. Deretter skjedde det lite før Kalvåg Kystlag kjøpte Vamråkbua for eit par år sidan.
– Vi betalte ei krone, som er ein symbolsk sum. Men vi kjøpte oss også ein del arbeid, smiler Pedersen.
Mange har bidratt
Sidan den tid har dei samla inn pengar frå Sparebanken, Forbundet KYSTEN, lokalt næringsliv, og spleis mellom anna.
Resultatet er så langt strålande. Veggbord er skifta, og ein skal ta meir av taket enn det som er gjort så langt. Sakte men sikkert arbeider dugnadsgjengen seg framover. Men dei har leigd inn profesjonelle firma for å ta seg av det tyngste arbeidet, fortel Bjarne O. Pedersen.
Det gamle sildesalteriet er eit vakkert bygg. Typisk raud kystarkitektur i tre med saltak. Kvar torsdag året rundt samlar dugnadsgjengen seg for å diskutere og arbeide med neste fase i arbeidet. Slik får lokale eldsjeler den gamle bua til å skine igjen. Sildeflekkinga i februar er særleg populær, fortel Pedersen.

Nigaren med råseglet oppe.
Ro-konkurranse under kystfestivalen
Samtidig går arbeidet med bygget sin gang, og siste helga i juli er det Kystfestival i Kalvåg. Då kan du vere med i ro-konkurranse om du er interessert i det. Kanskje ser du også ein eller fleire av dei gamle båtane Kalvåg kystlag har tatt vare på, og som ligg der og duvar som ei påminning om dei lange maritime tradisjonane på kysten.
