Det er måndag og skulestart. Mange spente barn og vaksne skal samlast etter ein lang sommarferie. For kommunen sine 37 seksåringar blir det ekstra spesielt, som i dag skal møte til sin aller fyrste skuledag.
Men ikkje berre for dei. For det er nok også litt ekstra nerver i spenn for dei fem nytilsette lærarane når dei i dag skal ta i mot elevane sine.
– Vi gledar oss til å treffe elevane, det blir veldig spanande, seier Kathrine Standal Dimmen (25) og Karoline Kvalheim Myre (27) når Gode Bremanger treff dei, nokre få dagar før det brakar laust.
Dei har begge to flytta til Svelgen for jobben.

Godt å vere fleire
Å starte i ny jobb på ein heilt ny plass, kan vere skummelt. Men denne gjengen har ein fordel.
– Det er veldig kjekt at vi er fleire nye som er i same situasjon. Det kan vere vanskeleg å kome inn som ny heilt åleine, så det at vi er fleire gjer at vi kan stå litt saman. Ikkje det, vi skal jo bli kjend med dei andre og bli ein del av kollegiet, men det å ha kvarandre å støtte oss på har vore veldig fint, seier Karoline.
Kathrine stemmer i:
– Vi brukar kvarandre også mykje til spørsmål som «korleis var det med denne innlogginga igjen?» Det er mykje informasjon som ein kan hjelpe kvarandre med å hugse på, for ein av oss hugsar kanskje noko som ein annan hadde gløymt og omvendt.
Nyutdanna
Kathrine (25) kjem opprinneleg frå Ulsteinvik, og har ein master frå lærarhøgskulen i Volda. På Svelgen skule skal ho vere faglærar i norsk, samfunnsfag og KRLE.
Karoline (27) kjem frå Kvalheim i Kinn, og har utdanna seg ved Høgskulen i Bergen. Før ho kom til Svelgen jobba ho som tilkallingsvikar i eitt år, og har dermed fått opparbeida seg litt praksiserfaring.
Det kjem godt med når ho no har teke på seg jobben som kontaktlærar, og skal undervise i norsk, matte, spesialpedagogikk, musikk og kunst og handverk.
No ser dei fram til å sette lære ut i praksis. Men ikkje heilt utan nærvøsitet.
– Dei kallar det praksissjokket for ein grunn, ler Karoline, og siktar til overgangen frå studie til arbeidskvardag som ventar nyutdanna lærarar. Det er mykje, men også kjekt.
– Kva er det tøffaste med det fyrste året som lærar?
– Eg vil sei arbeidsmengden. Alt av undervisingopplegg må du lage frå grunnen av, om du ikkje har vore flittig i praksisen. Så du har ingenting å bygge på, seier Kathrine.
– Så skal du bygge relasjonar både til dei tilsette og elevane. Og det er mange elevar, legg Karoline til.

– Eg tenkte «kvifor ikkje Bremanger?»
Men kvifor Bremanger, spør vi. Kva er det eigentleg som trekk unge jobbsøkarar til kommunen vår?
Svaret på det er mangefasettert. På den eine sida, vanskeleg arbeidsmarknad i byane. På den andre sida, dei økonomiske godene ein får gjennom Rekrutteringspakken. Men viktigast av alt, ein god og trygg arbeidsplass.
– Eg var jo i Bergen, og der er det nesten umogleg å få jobb. Det å skulle jobbe som tilkallingsvikar i eitt år til, det ville blitt veldig tungt. Bremanger er nært heime, og ikkje minst er det jo godene frå Rekrutteringspakken som hjelper på. Det var difor eg søkte, men på jobbintervjuet følte eg at det virka som ein veldig fin plass å jobbe, fortel Karoline.
Kathrine sat også igjen med ei god oppleving frå jobbintervjuet.
– Intervjuet med Bremanger kommune var det beste. Vi vart møtt med ei veldig positiv innstilling. Eg fekk berre veldig ei kjensle av «kvifor ikkje Bremanger?»
Det å kjenne seg velkomen og ivareteke på arbeidsplassen har vore spesielt viktig. Dei har fått tildelt ein mentor, som skapar tryggleik og føreseielegheit.
– Vi opplever at alle hjelper til, og at vi blir møtt med eit smil uansett. Folk er veldig glade for at vi er her, så det er veldig kjekt!
Vi ønsker alle, både barn og vaksne, lykke til med fyrste skuledag og nytt skuleår!
| Elevar 1. klasse | Davik | Hauge | Kalvåg | Svelgen | Ålfoten |
| Totalt 37 | 5 | 7 | 8 | 15 | 2 |
Retting: I fyrste versjon av saka sto det at det var 14 fyrsteklassingar ved Svelgen skule. Det riktige talet er 15.