Kva vil vi med Bremanger?

Skal du på folkemøte i november?
Skal du på folkemøte i november?
Kom på folkemøte i november! Bremanger er på mange måtar ein fantastisk kommune. Samtidig har vi demografiske utfordringar som ikkje løyser seg sjølve. Difor inviterer ordføraren til folkemøte for å snakke om framtida.

Folkemøta skal vere i Bremangerhallen tysdag 3. november, på Davik oppvekst onsdag 4. november og på samfunnshuset i Svelgen torsdag 5. november.

Det blir kulturelle innslag frå lokale krefter. Møtestart klokka 17.30.

Kommunaldirektøren kjem for å teikne og forklare. Det same gjer kommunalsjefane som skal snakke om aktuelle saker.

Kva tenkjer du om framtida til Bremanger?
Kva tenkjer du om framtida til Bremanger?

Kva med framtida?
Spørsmålet er kva vi som bur her vil med kommunen vår? I andre kvartal 2026 var folketalet i Bremanger på 3 377 innbyggarar. Framskrivingane som Statistisk sentralbyrå (SSB) har gjort viser eit fall fram mot 2030, og eit vidare fall til under tre tusen innbyggarar mot 2050.

For femti år sidan var folketalet i Bremanger godt 5 500.

Ser vi på fødselstala er dei så låge at spørsmålet melder seg: er det mogleg å halde oppe alle barnehagane og skulane vi har i dag? I 2025 var det 26 nyfødde i Bremanger.

Mykje er bra i Bremanger.
Mykje er bra i Bremanger.

Eldrebølga er her
Så er det eldrebølga. SSB skriv at Bremanger vil måtte tilpasse helse- og omsorgstenestene til ei aldrande befolkning. Då blir spørsmålet fort kva andre område ein skal henta pengar frå, for å styrke eldreomsorga.

Og apropos pengar; korleis kan vi bidra til å skape nye arbeidsplassar i ein kommune som treng meir aktivitet og større inntekter for å halde nivået på dei tenestene vi har i dag?

Alt dette og meir til håpar vi du vil vere med og diskutere på folkemøte i november. Møte er estimert til to timar.

Kom du også!

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.