På studentfestival i Sogndal

Ingrid Havnen og Linn Karin Sande Igland på stand i Sogndal.
Ingrid Havnen og Linn Karin Sande Igland på stand i Sogndal.

Tilsette frå Svelgen oppvekst var med på den store karrierefestivalen i Sogndal sist veke. Ingrid Leite Loftheim fortel at dei hadde kontakt med fleire studentar med bakgrunn frå Bremanger, men også med andre studentar.

Festival for regionen
Karrierefestivalen på Campus Sogndal er eit samarbeid mellom fleire aktørar. Høgskulen på Vestlandet, dei ulike faglege linjeforeiningane, studentsamskipnaden Saman, Framtidsfylket Vestland og Sogn Næring er alle med.

Føremålet med festivalen er å tilby ein arena der folk kan snakke saman, og på den måten få informasjon om kva som rører seg i regionen. Festivalen er ein møteplass mellom studentar ved Campus Sogndal og offentleg- og private verksemder i Sogn og nærkommunane. Målet med festivalen er å bygge relasjonar og utforske mogleg framtidig samarbeid og rekruttering.

Ingrid Havnen, Linn Karin Sande Igland og Ingrid Leite Loftheim frå Svelgen oppvekst.

Bremanger var der
Utsendingane frå Bremanger rigga seg til ved sidan av kommunane Luster, Sogndal og Årdal. Der treivst dei godt.

– Vi blei godt mottatt. Fleire ville høyre om Rekrutteringspakken, fortel Ingrid.

Bremanger har særleg behov for arbeidskraft innanfor skule, barnehage og helse. Men i Sogndal var det studentar frå fleire linjer som var interesserte.

– Vi fekk spørsmål frå studentar på eigedomsmekling, vernepleie og friluftsliv så her var fleire fag representerte, seier Ingrid som legg til at mange var nysgjerrige på Bremanger.

Linn Karin i aksjon.

Interesse for Rekrutteringspakken
Kommuneøkonomien i landet er mildt sagt variabel, men Bremanger har den fordelen at vi har kraftinntekter. Dette merka studentane seg.

Fleire spurte om sletting av studiegjeld (som er ei statleg ordning) bustadtilskot og tilskotet ein får som nytilsett i kommunen.

– Det var fint for oss å kome til Sogndal for å snakke  om Bremanger. Slike arrangement er viktig for framtidig rekruttering, avsluttar Ingrid som til dagleg er leiar for Svelgen oppvekst.

Fleire kommunar var på plass i Sogndal.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.