Nedgang i bruk av vikarbyrå

Facade på ein grå bygning med store glas. Himmelen er mørk. Foto.
Bremanger kommune hadde 20 prosent lågare utgifter til vikarbyråbruk i 2024 samanlikna med året før, og nedgangen held fram. – Etter første tertial 2025 har vi kjøpt vikarbyråtenester for 1,2 millionar mindre enn på same tid i fjor.

Det seier Randi Ytrehus som er kommunalsjef for helse og omsorg. 

-Vi har lukkast med å tilsette fleire sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i faste stillingar. I  tillegg bygger vi opp ein bemanningsbase – førebels i ytre, fortel Ytrehus.

Har rekruttert fleire

Bremanger kommune rekrutterer sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, også frå vikarbyrå. Ytrehus fortel at vikarane trivst på arbeidsplassane, og at nokre av dei har fått fast tilsetting i kommunen.

-Vi har rekruttert fleire, og har framleis nokre ledige stillingar. Vi tilbyr 100 prosent stillingsheimel, fortel ho.

Ytrehus seier at arbeidet med ulike arbeidstidsordningar er pågåande, og at langvaktene er populære for tilsette både i og utanfor bemanningsbasen.

-Vi arbeider tett saman med dei tillitsvalte. Det gjeld både arbeidstidsordningar og anna, seier ho.

Vil ha faste tilsette

Personell Bremanger kommune tilset i basen ønskjer gjerne langvakter for å opparbeide friperiodar. Ettersom dei fleste ikkje er busette i kommunen vil dei heller legge seg opp lengre periodar heime der dei bur.

Samtidig understrekar Ytrehus at kommunen ønskjer faste tilsette, og at det er fleire grunnar til det:  

  • Fast tilsette bidreg til å styrke kontinuitet og stabilitet i pasientbehandlinga.
  • Fast tilsette bidreg til eit meir stabilt team og sterkare kollegiale relasjonar. 
  • Faste tilsette investerer ofte meir i arbeidsplassen og måla til organisasjonen. Dei deltek også gjerne i fagleg utvikling, kvalitetsarbeid og forbetringsprosessar.
  • Vikarar frå byrå er her kortare tid. De betyr at vi brukar meir tid på opplæring.
  • Fast tilsette er lettare å inkludere i intern opplæring, prosedyrar og fagutvikling. 
  • Fast tilsette gir betre kvalitet.
  • Med fast stab er det lettare å planlegge turnus, ferieavvikling og ressursbruk.
  • Bruk av vikarbyrå er ofte dyrare på sikt fordi dei har høgare timesatsar og gebyr.

Ytrehus avsluttar med å seie at Bremanger kommune er på rett veg: 

-Likevel må vi vere ærlege, og seie at mangel på arbeidskraft framleis er ei utfordring for oss. 

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.