Beate er lærling i vaksen alder

Beate Pedersen er lærling på sjukeheimen i Kalvåg.
Beate Pedersen er lærling på sjukeheimen i Kalvåg.

Beate Pedersen er lærling på Bremanger sjukeheim i Kalvåg. – Eg tok eksamen i vår, så no er det å jobbe fram til fagbrev, seier ho.

Vi møter ho ein vindfull morgon før jul. Beate har på arbeidsklede, men har tid til ein prat. Ho er ein av fire på sjukeheimen i Kalvåg som er lærling som helsefagarbeidar. Så kva tenkjer ho om å ta eit slikt løp i vaksen alder.

– Som 20-åring hadde eg fleire barn så då hadde eg hendene fulle med det. Deretter budde eg nokre år vekke før eg kom heim til Kalvåg for ca. ti år sidan, fortel ho.

Var lenge assistent
Beate var assistent på sjukeheimen før ho blei lærling. At ho no er inne i eit lærlingløp, passar fint der ho no er i livet.

– Teoridelen var på Sandane, på Firda vidaregåande. Etter at eg tok eksamen er det to år med praksis før fagbrevet, fortel ho.

Beate Pedersen trivst på sjukeheimen i Kalvåg.

Fleire lærlingar i kommunen
Evy Janne Berle, som er driftssjef i Kalvåg, seier at på Bremanger sjukeheim har nesten alle enten bachelor eller fagbrev, og at delen med helsefagleg utdanning er høg.

– Beate starta i fjor haust, deretter kom fleire andre, seier ho.

Det er mange måtar å komme seg til fagbrev som helsefagarbeidar, og det gjer det enklare å kunne ta eit slik utdanningsløp. Det er eit høgt fagleg nivå på Bremanger sjukeheim og det er stigande no når det er fire nye lærlingar som er på veg til å ta fagbrev innan helse.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.