Inviterer næringslivet til møte med alle tiandeklassingane

Iglandsvik Næringspark. Foto: Renate P. Johnsen.
Iglandsvik Næringspark. Foto: Renate P. Johnsen.

Nordfjordkompaniet og Iglandsvik Næringspark inviterer næringslivet i Bremanger til karrieredag på Igland. Datoen er tysdag 27. januar frå kl. 09.15 til 14.30. Målgruppa er tiandeklassingane i kommunen.

Mange lurer på vegen vidare
Anders Lødemel i Nordfjordkompaniet seier mange tiandeklassingar funderer på kva dei vil gjere etter ungdomsskulen:

– Målet med dagen er at ungdommen skal få bli kjent med lokalt næringsliv, og få høyre om ulike yrkesvegar til inspirasjon i valet dei skal ta vidare.

Anders Lødemel i samtalte med ein ungdom.
 
Anders Lødemel i samtale med ein ungdom.

Frist for påmelding er 16. januar
Lødemel fortel at næringslokala på Igland har plass til ni bedrifter som får gje ein 15 minutts presentasjon til ungdomane våre denne dagen. Det er allereie sju bedrifter påmeldte.

Om du ikkje har meldt deg på kan du sende e-post til Anders på denne adressa: anders@nordfjordkompaniet.no

Vil du vite meir om kva Nordfjordkompaniet jobbar med kan du lese om det her: Nordfjordkompaniet – Frå styrke til yrke

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.