For å vere med kan du donere ein valgfri sum for startnummer. Alle pengane går til Barnekreftforeningen. Alle barna ved Kalvåg oppvekst får gratis startnummer.
Løpet startar ved Galleri Torsheim, fredag den 29. mai kl. 17.00. Då må alle vere klare med startnummeret på.
Om du vil springe, gå, sparkesykle eller sykle er opp til deg.
FotballtrøyeFredag
Bakgrunnen for arrangementet er at i morgon den 29. mai markerast FotballtrøyeFredag, eit initativ frå Barnekreftforeningen for å minne oss om kvifor vi står saman i kampen mot barnekreft – for håp, forsking og ei framtid der ingen barn skal dø av kreft.
Har du ei fotballtrøye, så ta den gjerne på for å vise di støtte til barna som er råka av kreft.
Målet med løpet er å vise støtte til barn og unge med kreft og samle inn pengar til livsviktig forsking.
