Atle var på basar i Hennøystranda

Atle Rise vaks opp i Hennøystranda.
Atle Rise vaks opp i Hennøystranda.
Skulehuset var stuvande fullt då bygdefolket inviterte til basar i Hennøystranda. Ein av dei som møtte var Atle Rise som har budd i Rogaland i mange år.

Idylliske Hennøystranda ligg i Frøysjøen med utsikt til Hornelen, ein liten båttur sørover leia frå Leirgulen. I dag er her ingen fastbuande igjen, men likevel folk som kjem hit i helgar og feriar fordi dei vaks opp her, og framleis har fritidshus på denne staden. Ein av dei som er her ofte, er Atle Rise.

Etternamnet har han frå Rise i Svelgen. Atle vaks opp i Hennøystranda på 50-talet, saman med fleire søsken. Familien har framleis hus her.

– I min barndom budde det 70 menneske her, seier han.

Inne i skulehuset var det fullt av folk.

Gjekk over fjellet
På den tida Atle var barn, arbeidde fleire av fedrane i bygda på smelteverket i Svelgen slik så mange andre arbeidsføre menn frå bygdene i kommunen gjorde den gongen. Det spesielle med Hennøya var at her gjekk dei over fjellet når dei skulle til Svelgen på arbeid. I veka budde dei gjerne på ungkarsmessa før dei gjekk heim igjen over fjellet til familien på småbruket i helgane.

Framhaldskulen og realskulen tok Atle i Svelgen før ferda gjekk vidare til meir utdanning, mellom anna som musikar og organist. 

Til basaren denne gong kom det folk andre vegen over fjellet for å vere med på samlinga. Dei hadde gått frå Sande. Turen tok godt to timar før dei var framme i bygda.

Menyen var rikhaldig.


Fullt hus og mange premiar
I skulehuset var det stuvande fullt under basaren. Dei tilreisande kunne kjøpe både kake og kaffi i tillegg til det tradisjonelle åresalet og loddsalet med mange premiar.

Skulehuset frå 1870-talet ligg idyllisk til ved elva, like ovanfor den gamle telegrafstasjonen som var i drift frå 1904.

Atle Rise fortel at då dei gjekk i småskulen brukte dei friminutta til å fiske aure i den viltre elva. Det må ha vore eit syn.

Sjølv om Hennøystranda i dag er fråflytta kan ein likevel snakke om eit livskraftig bygdesamfunn mange i Bremanger bryr seg om, og reiser tilbake til gong etter gong, slik vi såg dette spele seg ut under basaren andre helga i mai.

Taxi sto klar på kaia. Foto: Renate P. Johnsen.

Frå Hennøya har ein utsikt til Hornelen. Foto: Renate P. Johnsen.

Øyservice gjekk frå Leirgulen med dei som ville på basar.

Hennøystranda er ein idyll. Foto: Renate P. Johnsen.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.