Ber innbyggarane om råd

Bremanger vil kartlegge behova til innbyggjarar over 18 år. – For å få eit klårare bilete av behova til dei vaksne i kommunen, sender vi ut ei spørjeundersøking, seier kommunalsjef Randi Ytrehus.

Planen kommune arbeider med gjeld heile det vaksne livet: Leve som vaksen i Bremanger.

Målgruppa er alle innbyggarar over 18 år. Målet med undersøkinga er å få større innsikt i forhold til oppstart av plan for alle vaksne i Bremanger kommune. Men også få innsikt i forhold til innsatsområda i bu trygt heime reforma, og få innbyggjarane til å tenkje på, og planlegge alderdomen. 

Den demografiske utviklinga i Bremanger er komen lenger enn i andre kommunar i den forstand at talet på eldre utgjer ein stadig større del av befolkninga.

Folkemøte i Svelgen

I sum vil dette legge grunnlaget for workshop med dei folkevalde, og innbyggjarmøte i Svelgen torsdag 18. september kl. 18.00. Helsedirektoratet vil vere representert på begge desse møta med prosjektleiar Anne Berit Rafoss. Ho kjem frå Senteret for et aldersvennlig Norge i direktoratet.

Samsvarer med statleg satsing

Bakgrunnen for arbeidet er stortingsmeldinga regjeringa la fram sommaren 2023. I meldinga som har tittelen «Fellesskap og meistring – Bu trygt heime» presenterer regjeringa ein samla innsats for eit meir aldersvennleg samfunn prega av openheit, tryggheit og fellesskap.

Meldinga har fire innsatsområde: Levande lokalsamfunn, bustadtilpassing og -planlegging, kompetente og myndiggjorde medarbeidarar og tryggleik for brukarar og støtte til pårørande.

Dei overordna måla med reforma er å bidra til at eldre kan bu trygt heime, og at behovet for helse- og omsorgstenester blir utsett gjennom betre planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester.

Ikkje svindel

På kommunalt nivå går dette inn i arbeidet med samfunnsplanen fram til 2033, og tenestene til dei som bur i Bremanger. Samfunnsdelen av kommuneplanen blir gjerne omtalt som kommunen sitt politiske kompass, og er tenkt å vise kva kurs kommunen skal ha framover i eit noko lengre perspektiv.

Fredag 22. august går spørjeundersøkinga ut til innbyggarane. Mange får då ein sms med spørsmål om dei vil svare på spørsmåla frå kommunen.

– I desse svindeltider forstår vi at nokon kan bli skeptiske, men her ber vi om svar på nokre enkle spørsmål så dette er heilt ufarleg, seier kommunalsjef Ytrehus.

Tilgjengelege skjema

I folkehelsesamanheng kjem Bremanger ganske godt ut. Det er i spørsmålet om demografi kommunen utmerkar seg. Her ligg kommunen lenger fram i utviklinga enn mange andre.

Difor treng vi innspel til planverket fram mot politisk handsaming til våren. Vi håpar flest mogleg nyttar høvet til å svare på spørsmåla vi har sendt ut.

– Vi oppmodar innbyggarane om først og fremst til å svare digitalt, seier Ytrehus.

For dei som ikkje er like komfortable med det, er det lagt ut skjema på butikkane i Ålfoten, Davik, Leirgulen, Spar Kalvåg og Spar Bremanger om å levere ut skjema i konvoluttar og samle inn. Det er også lagt ut skjema på rådhuset og på biblioteka våre, seier Ytrehus.

Det blir som sagt folkemøte i regi av kommunen på Svelgen samfunnshus denne hausten.
Datoen for møte er torsdag 18. september klokka 18.00.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.