Berle i generasjonar
Johanne er 17. generasjon på garden så slekta har drive i vårt område lenge. Dei 16 første åra av livet budde ho i Berle, før turen gjekk til Firda på Sandane. Etter den tid har ho budd i Oslo.
I boka ho har skrive utforskar ho òg forholdet til mor si, til garden ho voks opp på, og den indre dragkampen mellom bygd og by.
I dag lever ho det livet ho ein gong ønskte seg, men under overflata ligg uvissa om kvar ho skal ende opp. Vil ho bli verande i byen, eller vil ho vidareføre arven på garden ved Frøysjøen?

Her er ho heime på garden i Berle.
Reise eller bli?
Desse tankane representerer eit tema i tida. I samband med lanseringa skal ho i samtale med Maria Lavik frå Eksingedalen ved Voss. Maria er nemleg opptatt av dei same vanskelege spørsmåla, og har skrive bok om det. Skal ho blir på garden ho har odel til, eller er det betre å bu i byen? For Maria Lavik blei konklusjonen at ho vil vere i Oslo, så dette dilemmaet finst det fleire svar på.
Utstilling i juni
I ein samtale med Gode Bremanger fortel Johanne at ho planlegg ei fotoutstilling i heimbygda. Som fotograf og biletkunstnar debuterte ho på den prestisjetunge Haustutstillinga i Oslo sist haust. No er ho også forfattar. Bokprosjektet kom til verda etter at Samlaget tok kontakt.
Når det lir mot sommar skal ho igjen vestover til Berle. Då vil ho stille ut nokre av arbeida sine der:
– Utstillinga med bileta blir på grendehuset med opning 20. juni, fortel ho med eit smil.
Dermed håpar vi folk i Berle, og elles i Bremanger, har merka seg datoen, og tar turen til den vakre bygda.
