Boblande babysong på Hauge

Vesle Hanna Sofie likar seg på babysong.
Vesle Hanna Sofie likar seg på babysong.
Vesle Hanna Sofie likar seg på babysong.

Elisabet Voll Ådnøy er kyrkjelydspedagog  i Bremanger.

Dei yngste innbyggarane i kommunen møttest jamleg til babysong. – Arrangementet har gått i heile haust, smiler  kyrkjelydspedagogen.

Då vi er på besøk kjem ungane inn i rommet litt pø om pø. Først vesle Hanna Sofie Ybanez på åtte månadar. Deretter Leander Førde som er ein månad eldre. Til sist kjem tvillingane Heidi og Elsa Wang-Gulestøl inn døra for å ta plass mellom dei andre. Ja, dei kjem ikkje åleine, men i følgje med mødrene sine.

Ungane likar seg på Hauge bedehus.

Tenn lys
Elisabet har med ei rekke instrument ho skal spele på for dei små. På golvet ligg det matter, og adventsstaken er klar. Staden er bedehuset på Hauge og på kjøkenet sildrar det frå kaffitraktaren med lovnad om varm drikke til dei vaksne.

Seansen opnar med songen som er blitt ein moderne klassikar i adventstida, Tenn lys signert presten Eyvind Skeie frå Askøy.

Dei små følgjer interesserte med på handlingane til Elisabet. Pedagogen har med ei rekke instrument som til dømes afrikansk tromme, ukulele og fleire rytmeinstrument som ho brukar aktivt.

Det er smil og latter, og litt dans som ungane blir tekne med på av dei vaksne.

Det blei også tid til å tenne eit adventslys.

Bobler i desember
Riktig spennande blir det for dei yngste då mødrene bles såpebobler som fyller rommet og på fredeleg vis løyser seg opp som magi, framfor augo på dei.

Men programmet held fram. Før pausen kjem Det lyser i stille grender. Jakob Sande sitt dikt som bergensaren Lars Søraas sette melodi til.

Desembersamlinga var den siste på Hauge for i år. Til våren er planen å halde fram med nye slike møter til glede for dei aller minste –  og dei vaksne.