Bokbad: Berlin-korrespondent til Bremanger Fjordhotell 

Roger Sevrin Bruland er tidlegare Berlin-korrespondent for NRK.
Roger Sevrin Bruland er tidlegare Berlin-korrespondent for NRK.

Tidlegare Berlin-korrespondent for NRK, Roger Sevrin Bruland, kjem til Svelgen onsdag 19. november. 

Denne kvelden blir det på bokbad på Bremanger Fjordhotell frå klokka 18.00. Nordfjordingen kjem for å snakke om boka han har skrive, og som har fått tittelen; «Team Berlin. Europa-korrespondent 2019 – 2023».  

Nordfjordingen blei landskjend under pandemien då han rapporterte frå italienske sjukehus, og seinare etter den russiske invasjonane av Ukraina i februar 2022. 

I boka skriv han om erfaringane med å reise inn i eit krigsråka Ukraina, dagen etter at Russland gjekk til fullskala invasjon av landet. Den reportasjereisa utløyste kjensler han nok kanskje hadde undertrykt etter at han var soldat på Balkan i dei  fredsbevarande styrkane i Bosnia og Kosovo på 1990-talet.  

Her er han på jobb for NRK i Ukraina.

Heim til Nordfjord 
Bruland har fått Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Etter NRK-karrieren flytta han heim til familiegarden i Utvik for å dyrke bringebær. Når han ikkje er bonde, jobbar han som kommunikasjonssjef for NOREC i Førde. NOREC er det tidlegare Fredskorpset med heile verda som operasjonsområde. 

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.