Bokbad om radikal prestekone og krigsseglar

Forfattar Trond Thue kjem til Svelgen.
Forfattar Trond Thue kjem til Svelgen.
Forfattar Trond Thue kjem til Svelgen fredag 27. februar for å snakke om to bøker med band til Bremanger.

Den første er ein biografi om feministen og prestekona Susanne Geitzler. I biografien kan ein lese om då Susanne var prestekone i Kalvåg fordi mannen hennar, Ivar Høyem, var prest i kyrkja der. Høyem var etterfølgjaren til sokneprest Christian Astrup (far til kunstmålaren Nikolai).

Røysterett for kvinner
Astrup var kjend som ein konservativ teolog, og ihuga riksmålsmann. Slik vart det ikkje for Høyem. Han var levande opptatt av landsmål, og hadde ei kone som på 1880-talet kjempa for at også kvinner skulle få røysterett. Dette var lenge før kvinner fekk allmenn røysterett, så standpunktet til Susanne Geitzler var mildt sagt uvanleg.

Lensmannen til Hamsun
Det må ha vore litt av eit skifte i Frøyakyrkja for kyrkjegjengarane då Ivar og Susanne kom til Kalvåg. Ivar Høyem var elles omgangsven med nynorskens far, Ivar Aasen, og med Bjørnstjerne Bjørnson som har skrive Ja, vi elsker. Høyem levde med i det som gjekk føre seg også i nasjonal forstand.  

Det høyrer med til historia at Susanne hadde ein far frå Hamarøy i Nordland som var ein skandalisert lensmann. Knut Hamsun skreiv om denne lensmannen i romanen «Markens Grøde» som han fekk nobelprisen for. Det gjekk hardt inn på familien hennar.

Bøkene han skal snakke om.

Krigsseglar Lexau
Den andre boka frå Trond Thue gjeld handelsskipet D/S «Marga» og hendingar under krigen. Denne damparen, med heimehamn i Drammen, sigla ein del på Middelhavet i perioden 1942-44.

For publikum i Bremanger er det interessant at donkeymann Mathias Arnt Hermansen Lexau var med som krigsseglar. At Lexau var donkeymann betyr at han jobba i maskinrommet utan formell utdanning eller sertifikat for slikt arbeid. Før Mathias mønstra på D/S «Marga» hadde han overlevd to torpederingar, ifølgje boka.

Thue skriv om forhistoria til Mathias Lexau, og fiskeskøyta «Sjøblomsten» som kryssa Nordsjøen til Shetland med ei rekke unge gutar frå Bremanger tidleg i krigen.  Alt dette, og meir til, skal forfattar Trond Thue snakke om på hotellet i Svelgen.

Bokbadet er frå klokka 18.00 til 19.00.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.