Bremanger held fram auken

Folketalet aukar også i første kvartal.
Folketalet aukar også i første kvartal.
Folketalet i Bremanger aukar framleis, sjølv om auken for første kvartal 2026 ikkje er veldig stor. Folketalet i kommunen er no på 3 386 fastbuande, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Etter mange år med nedgang kan det sjå ut til at trenden for Bremanger snudde i 2025.

I fjerde kvartal 2025 var det offisielle folketalet i kommunen 3 381. No aukar ein altså med fem til.

Det kan vere mange grunnar til denne positive trenden. Den viktigaste er nok rekrutteringspakken, og det faktum at fleire unge vender heim etter endt utdanning utanfor kommunen.

Rekrutteringspakken
Den økonomiske pakken kommunestyret har vedtatt inneheld fleire konkrete tiltak:

  • Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegongsetablerarar.
  • Sletting av 25 000 kroner av studielånet per år (dette er ei statleg ordning gjennom Lånekassa).
  • Årleg tilskot til nye tilsette i kommunen på 30 000 kroner.
  • Gratis barnehage.
  • Fritidskortet til barn og unge.

I tillegg kjem generelt lågare bukostnadar fordi husmarknaden i Bremanger er meir fordelaktig med tanke på pris enn til dømes Bergen og Ålesund, Førde eller Sogndal.

I sum betyr dette at unge i etableringsfasen relativt raskt kan oppleve eit økonomisk løft dersom dei flyttar til Bremanger. 

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.