Eldsjelprisen nærmar seg

Kultursjef Norvall Klungresæter.
Kultursjef Norvall Klungresæter.
Utdelinga av Eldsjelprisen for 2025 nærmar seg. Prisen går til ein person, lag eller organisasjon i Bremanger kommune som har utmerka seg gjennom mange år.

Fristen for å foreslå kandidatar denne gong er onsdag 10. oktober. Forslaget må meldast inn skriftleg til kommunen. Informasjon om eldsjelprisen er lagt ut på kommunen si heimeside.

– Skriftleg grunngjeving er viktig slik at vi får ei grundig og god handsaming av forslaga som kjem inn. Det seier kultursjef Norvall Klungresæter.

I retningslinjene står det at prisen er ei takk og ei markering til den eller dei som i nærmiljøet sitt har vist engasjement for eit lag, ein organisasjon eller for andre menneske rundt seg.

Honnør til dei frivillige

Klungresæter seier prisen handlar om den uunnverlege innsatsen frivillige står for, og seier dette er eit gode for nærmiljø, kommune, næringsliv og einskild-individet, og derfor viktig i lokalsamfunnet.

I 2017 blei prisen endra frå kulturpris til eldsjelpris, og blir delt ut annakvart år. Altså oddetals-år. Vinnaren får 10 000 kroner, og eit eldsjeldiplom.

Det er formannskapet som bestemmer kven som får prisen. Vedtaket blir ikkje offentleg før prisen er delt ut, og det er ordføraren som deler ut eldsjelprisen, fortel Klungresæter:

– Føremålet med prisen er å hjelpe fram og stimulere det frivillige arbeidet.

Tidlegare vinnarar

Dette er vinnarane av den nye prisen så langt:

  • Bjørg H. Didriksen for arbeidet med Svelgen samfunnshus, 2017.
  • Underhaldingsgruppa til Svelgen Pensjonistlag, 2019.
  • Marilyn Ulvestad for miljøengasjementet sitt, 2021.
  • Roger Igland for bygdeutvikling i ytre, 2023.

Kven vil du skal få prisen for 2025?

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.