Enklare tilgang til Grotle gamle kyrkjegard

Grotle gamle kyrkjegard. Foto: Bremanger kommune.
Grotle gamle kyrkjegard. Foto: Bremanger kommune.
Den gamle kyrkjegarden på Grotle skal få enklare tilgang. – Kyrkjegarden er viktig for lokal identitet, men også for tilreisande som vil lære meir om området, seier kultursjef Norvall Klungresæter.

Den gamle kyrkja på Grotle blei riven då ein reiste den nye på Frøylandet. Men kyrkjegarden på Grotle ligg der framleis ut mot storhavet, og vitnar om dei lange linjene i Bremangerbygda.

Går langt tilbake

Kyrkjegarden er eit unikt kulturminne på kysten med graver tilbake til mellomalderen.

 – For to år sidan gjennomførte vi prosjektet med å kartlegge gravene, setje opp informasjonsskilt og restaurere murane. No tar vi prosjektet vidare, fortel Klungresæter.

Ny tilkomst og meir info

Den nye tilkomsten kjem i form av ein sti med skilting frå fylkesvegen, og ned til gravplassen.

 – I tillegg har vi planar om formidling av kulturminna på gravplassen i det nye servicebygget kommunen har planar om å bygge ved Grotlesanden. Men det kjem vi tilbake til i ein seinare fase, avsluttar Klungresæter.

Her er lenkje om meir informasjon:
Grotle gamle kyrkjegard | Kringom

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.