Fjella i indre er verdt eit besøk

Svenn Petter med Gjegnen/Blånipa i bakgrunnen. Foto: Arve Sandal.
Svenn Petter med Gjegnen/Blånipa i bakgrunnen. Foto: Arve Sandal.
Når nokon seier Bremanger, tenkjer ein gjerne på Kalvåg eller Grotlesanden. 71° nord har forstått det, men for mange er fjella i indre framleis ein løyndom.

Ein av dei som veit, og har erfaring, er Svenn Petter Kjerpeset. Han har vore på dei fleste fjelltoppane i Bremanger. Favoritten er Gjegnen (som også blir kalla Blånipa), og landskapet ved Ålfotbreen mot Hyen og Gloppen.

Då vi får tak i han på telefon viser han til nettsidene Ålfotbreen Landskapsvernområde har lansert. Der finn ein mykje god informasjon om mange turar.  Her er lenke til sida, og ein artikkel om Svenn Petter:

 Tindeslukaren – Ålfotbreen landskapsvernområde

Risevatnet mest populært
Den mest populære turen for tilreisande er Risevatnet i Svelgen. Der kan ein gå på grusvegen langs vatnet heilt inn til det gamle anleggsområde frå kraftutbygginga.

I enden av vatnet kan ein gå til fjells i ulike retningar. Rikeloftet (1142 moh) kan vere eit alternativ, eller over til Grøndalen i Norddalsfjord slik den britiske fjellklatraren William Slingsby gjorde på 1800-talet.

Det er også mogleg å nå fjellet Keipen (1362 moh) frå Risevatnet, men då er det mykje oppoverbakke før ein kjem dit. Den vanlegaste ruta til Keipen går frå parkeringsplassen ved Sørdalsvatnet.

Fjellhyllene ovanfor Svelgen.

Hyllene er spektakulære
Eit kjent fotomotiv for mange er hylleformasjonane ovanfor, og sør for Hjelmevatn. Dersom ein vil utforske denne delen av fjella i kommunen, kan ein køyre bil frå Ålfoten til inst i Førsdalen. Frå enden av vegen er stien så merka opp til hylle sju. Frå den hylla er utsikta spektakulær. Går du hyllene til endes kjem du til fjellet Plogen på 1357 meter.

DNT-hytta på Ålfotbreen.

Den nye brehytta
For Svenn Petter er likevel Ålfoten og Gjegnen, som også blir kalla Blånippa (1670), det gjevaste turmålet. Den fjelltoppen kan ein nå frå Øksenelvane kraftverk.

SFE driv som kjent med kraftutbygging i dette området. I den forbindelse bygde dei ei hytte som dei no har overført til DNT. Den nye brehytta har seks sengeplassar fordelte på to soverom. Solcellepanel på taket sørgjer for elektrisitet, og det er montert vedomn i hytta. Ein kan kontakte Keipen Turlag om ein vil gå dit frå Åskåra kraftverk, eller ein kan sjekke ut denne lenka:

Ålfotbrehytta

Det er t-merka sti heile vegen fram. Merk at hytta ligg høgt. Er det vind, kan det til tider blåse ganske friskt.

God tur!

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.