Fruktsalat – konsert med svensk vri

Det blir konsert i juni.
Det blir konsert i juni.
Merk deg første helga i juni. Då samlar kulturskulen korps og kor frå heile kommunen til konsert på Hauge, og i Svelgen.

Elisabeth Solbakken i kulturskulen fortel at det er korpsa som har dirigenten sin frå kulturskulen, som inviterer til konsert:

– Det betyr korps frå Kalvåg, Ålfoten og Bremanger, seier ho.

I tillegg skal barnekoret i Bremanger vere med, og fleire solistar.

Svensk fruktsalat
Så lurer sikkert nokon på kva fruktsalat har med dette å gjere. Svaret er den svenske komponisten Dan Bornemark, og ei plate han gav ut med tittelen Fruktsallad. Bornemark er sonen til Gullan som er ein profilert barnebokforfattar frå Skåne. Dan Bornemark har sett musikk til tekstane mora har skrive.

– Eg jobba på kulturskulen i Florø ein periode. Då sette vi opp dette stykket. I juni skal folk i Bremanger få glede av å høyre det same verket, men ikkje med strykarar. Vi har kjøpt notane av komponisten. Saman med rektoren vår, Raimund Hoclas, har eg skrive musikken om til messing og blåseinstrument, seier Elisabeth.

Dan Bornemark.

Tutti Frutti
Så fortel Elisabeth Solbakken at det blir meir enn svensk «Fruktsallad» på konserten i juni:

– Vi fyller på med meir moderne stoff i tillegg til dei svenske songane.

I desse TuttiFrutti-tider kan det altså hende du bør ta turen til Hauge, eller Svelgen, denne helga for å få med deg ei sjeldan kulturell oppleving.

I forkant av framsyningane blir det utstilling av visuell kunst, og uformelle innslag frå kulturskuleelevar i foajeen på samfunnshuset, og i vestibylen på ungdomsskulen på Hauge. Med andre ord, mingling og sosialisering på tvers av grendene. Det likar vi.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.