Hugs å søkje om løyve før jonsok 

Stort bål i bakgrunnen, medan ein gruppe folk står roleg å ser på. Foto.
Det nærmar seg jonsokaftan og tradisjonen der bygdefolk samlar seg ved bålet. – Vi nyttar høve til å minne om at ein må søke om løyve til å tenne bål, seier Robert Endestad.

 Endestad har ansvar for brann og beredskap i Kinn og Bremanger. I tidsrommet 15. april–15. september er det eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og mark, utan særskilt løyve. Jonsok, også kjent som sankthans, er 24. juni, som i år er ein tysdag. 

Tips til trygg bålbrenning 

Endestad seier det tradisjonelt har gått greitt med feiringa i vårt område. Beredskapssjefen ber likevel folk ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold, og seier det alltid er den som fyrer opp som har ansvar for at bålet er trygt. 

–Ein vaksen person bør vere ansvarleg, seier han. Vidare må bålet vere i god avstand frå busetnad og vegetasjon, og det er ikkje lov å brenne på svaberg. 

Endestad seier bålet ikkje må vere større enn at du har kontroll på det og kan slokke ved behov. Derfor er det viktig å ha sløkkemiddel lett tilgjengeleg. Han legg til at ein ikkje kan hive kva som helst på flammane: 

–Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og anna avfall. Og når du forlèt bålplassen skal bålet vere heilt sløkt. 

Ved eventuelle spørsmål ber beredskapssjefen om at folk tar kontakt med han direkte. 

Meir informasjon om reglement for bålbrenning, og korleis søkje særskilt løyve: 
Bålbrenning – Bremanger kommune 

E-post-adressa til Robert Endestad for vidare spørsmål:
robert.endestad@kinn.kommune.no 

Heksefjellet Hornelen 

Tradisjonen med å tenne bål på jonsokaftan går langt tilbake i norsk historie. Nikolai Astrup, som er fødd i Kalvåg, er vel den kunstmålaren på Vestlandet som har skildra slike bål best. 

Jonsokfeiring er i folketrua kopla til hekser og skrømt. Bloksberg i Tyskland og Lyderhorn i Bergen er rekna som heksefjell, men det er også Hornelen i Bremanger. 

Ifølgje segner samla av Høgskulen på Vestlandet (Segner på Vestlandet) har Hornelen gjennom hundreåra trekt til seg hekser frå fjern og nær denne kvelden i juni. I uminnelege tider har jonsok vore ei hending der dei kom flygande på sopelimane sine. Høgskulen skriv at på jonsoknatt samla alle trollkjerringane i Nordfjord seg på Hornelen saman med Gamle-Eirik for å ha det moro. 

Om dei har søkt om løyve til å tenne bål denne gongen, veit vi ikkje. 

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.