I Bremanger har vi ingen rektorar

Elevane i Bremanger ligg på trivselstoppen i Vestland fylke.
Elevane i Bremanger ligg på trivselstoppen i Vestland fylke.
Vi har fem rektorlause skular i kommunen, så korleis får vi dette til å gå rundt? Vi har selfølgeleg personar som leiar skulane og gjer nøyaktig det ein rektor gjer. Men dei er også så mykje meir enn ein rektor.

Våre skular er spreidd med lange avstandar mellom seg. Derimot er det alltid ein barnehage i nærleiken av skulane. I nokre tilfelle er barnehagen til og med i same bygget som skulen!

Barna i barnehagen ender som regel opp med å gå på den næraste skulen. Vi jobbar derfor aktivt for at overgongen her skal vere mjuk. Det er her driftssjefen kjem inn:

Driftssjefen er vårt svar på «rektor». Fordi omgrepet «rektor» ikkje også omfattar å vere øvste leiar for barnehage såg vi behovet for å omdefinere oss. Det er slik vi fekk driftssjefar: den øvste administrative leiaren på dei ulike oppvekstsentera (ikkje berre skule, og ikkje berre barnehage).  

Bremanger kommune er også unik i det at vi brukar PALS i både skule og barnehage. Denne innsatsmodellen brukar positiv involvering og oppmuntring i arbeid med barn, og fremjer positiv åtferd ved å ha klare retningslinjer for handtering av uønskja åtferd. Målet er føreseielegheit i skulekvardagen, både for barn og for tilsette.

Og resultata av dette er ikkje berre prat: vi har gått frå låg trivsel og høge mobbetal, til å no score 0% mobbing i elevundersøkinga i 2024.

Bli ein del av oppvekstsentera!

Vi lyser stadig ut stillingar ved dei ulike oppvekstsentera. Har du noko å by på her? Sjekk ut Webcruiter for stillingsutlysingar eller send inn ein open søknad til post@bremanger.kommune.no

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.