Det er tre lokale musketerar som har funne saman i akustiske Trøyst.
Sanja Dukanac spelar cello, og er mellom anna musikalsk leiar i Florø Strykeensemble.
Pianisten Jorunn Bakke Nydal dirigerer tre kor, og er aktiv som musikkterapeut.
Arne Hjorth Johansen er profilert journalist i Firdaposten, og har med ein rik musikalsk arv frå eigen oppvekst i Telemark.
Triste songar
Frå Urdal Stavkyrkje i Sogn, via puben Vesle Kinn i Florø kjem dei no med sine triste songar til trøyst i ein 100 år gamal låve under Hornelen.
Bli med å nyt litt magi ein vakker førsommarkveld.
Servering, og 18 års aldersgrense. Dørane opnar klokka 19.00.
Adressa er Hornelsvegen 1693. Billettar til konserten kjøper ein på tikkio.no:
Finn og kjøp billetter til events, konserter og festivaler | Tikkio
Sjekk ut plakaten for meir info.
