Jorunn Bakke Nydal er ei mangfaldig dame som mellom anna har fått kulturprisen av Kinn kommune. No kjem ho til Svelgen for å innleie på møte med dei frivillige organisasjonane i Bremanger.
Sjølv er ho tilflyttar, og kom til kysten etter mange år i Hallingdal og deretter i Førde. Mannen er frå Florø. Møtet på rådhuset i Svelgen er det Bremanger kommune som inviterer til.
Bakke Nydal seier frivillig arbeid er grunnmuren i samfunnet:
– Skal ein bygge gode fellesskap er dei frivillige heilt avgjerande, seier ho. Nydal legg til at det er viktig å skape deltaking både for dei som bur på ein stad, og dei som vurderer å flytte til denne staden eller til kommunen.
Dirigerer tre kor
Sjølv er ho aktiv i musikklivet i Florø. Der dirigerer ho tre kor, og er i tillegg aktiv som musikkterapeut, pianist og mykje anna.
– Aktive innbyggarar er viktige, og det beste er når dei får drive med noko dei sjølve er interesserte i. Men ein kan også seie at dette er viktig i meir demokratisk forstand, fordi vi vil ha samfunn der folk bryr seg om kvarandre, og bryr seg om fellesskap, seier ho.
Andre tysdagen i november
Til dagleg er Jorunn Bakke Nydal fagleiar for helse og velferd i Kinn kommune. Tysdag 11. november klokka 17.30 kjem ho til rådhuset i Svelgen for å snakke med dei frivillige organisasjonane saman med kommunedirektør Tom Joensen. Kultursjef Norvall Klungresæter vil halde innleiing før dei to andre slepp til med kvar sine tema som handlar om korleis ein kan leve, virke og nyte – heile livet, som er visjonen til kommunen.