Nordfjordkompaniet og Iglandsvik Næringspark inviterer næringslivet i Bremanger til karrieredag på Igland. Datoen er tysdag 27. januar frå kl. 09.15 til 14.30. Målgruppa er tiandeklassingane i kommunen.
Mange lurer på vegen vidare
Anders Lødemel i Nordfjordkompaniet seier mange tiandeklassingar funderer på kva dei vil gjere etter ungdomsskulen:
– Målet med dagen er at ungdommen skal få bli kjent med lokalt næringsliv, og få høyre om ulike yrkesvegar til inspirasjon i valet dei skal ta vidare.

Frist for påmelding er 16. januar
Lødemel fortel at næringslokala på Igland har plass til ni bedrifter som får gje ein 15 minutts presentasjon til ungdomane våre denne dagen. Det er allereie sju bedrifter påmeldte.
Om du ikkje har meldt deg på kan du sende e-post til Anders på denne adressa: anders@nordfjordkompaniet.no
Vil du vite meir om kva Nordfjordkompaniet jobbar med kan du lese om det her: Nordfjordkompaniet – Frå styrke til yrke