Vi får ein prat med Iselin på Svelgen ungdomsskule etter at ho var med på fylkesmeisterskapen for UKM Førde tidlegare i vår. Musikk er viktig for Iselin, så det er ikkje tilfeldig at ho var med der.
Har ansvar for aspirantane
I tillegg til å drive med song og musikk har ho ansvar for korpsaspirantane i 3. og 4.klasse. Då vi snakkar med henne spør vi kva planar ho har for hausten.
– Eg har søkt på musikklinja på Firda. Kjem eg inn på Sandane reiser eg dit, smiler ho.
Ho seier at dei fleste frå Svelgen reiser til Florø eller Førde, og nokre til Eid for å gå på vidaregåande der. Iselin fortel at korps har vore ein viktig del av livet i mange år. Etter Sandane vil ho vidare til Manger Folkehøgskule utanfor Bergen. Manger, som ligg i Alver kommune, har heile fem ulike musikklinjer, og dei er kjende for å markere seg sterkt internasjonalt.
Vaks opp på Villabakken
Song er nok den store draumen, men ho likar seg godt i korps som sagt, og er aktiv i mange samanhengar der. Barndommen hadde ho på Villabakken, og instrumentet hennar er kornett. Går ting som planlagt vil ho til England etter Manger. På dei britiske øyane har ho vore før, saman med Flora-Bremanger brassband.
Ho vil gjerne spele i brassband i England, som er brassbandet sitt heimland. Ordet brass betyr messingorkester, i motsetnad til janitsjarorkester som inkluderer treblås.
– Eg veit dei har dirigentskule i England, så det kunne ha vore kjekt. Så kan eg kome heim igjen til Svelgen etterpå for å ta over skulemusikken her, smiler ho.

Engelske Ponsonby Boys’ Brass Band fotografert i 1910. Foto: Store norske leksikon.
Arbeidarkultur frå England
Tradisjon med brassband frå England er interessant for folk i Svelgen. Det var nemleg britiske industriarbeidarar som starta med brassband fordi dei ville drive med noko meiningsfullt på fritida. Særleg gjaldt dette for industribyane i midt-England, der ein framleis finn dei beste brassbanda i verda. Ikkje rart ho vil dit.
I juni får Iselin vite om ho kjem inn på Sandane.