Svelgen Opp og Fram har ordna med lys til jul. – Det er viktig for trivselen at det blir fint i sentrum, seier Linn Karin Sande Igland.
Når du svingar ned vegen frå Svelgsdalen, og ser bort på Bakarhuset og gamle Coopen ved Rise-elva, ser du lysa som små håp i desembermørket.
Bygningane i denne delen av Svelgen har folk levd med i generasjonar så det er ikkje tilfeldig at det er her installasjonen er.
Då vi kjem forbi den første tysdagen i desember bles det kuling i kasta, og lysa er der. Lumière, som dei seier i Frankrike.

Det lysande hjarte mellom elva og samfunnshuset er sentralt.
Med hjarte for Svelgen
Linn Karin Sande fortel at det var Gry Gulestøl som hadde ideen om eit lysande hjarte i sentrum, omkransa av lenker på trea:
– Deretter kontakta vi Klausen Industrier på Rise som sponsa opplegget, og laga eit hjarte i metall. Resultatet er vi veldig fornøgde med.
Folk som bur i Svelgen vil kanskje tenkje at samfunnshuset på mange måtar er hjarte i bygda. Uansett kva lesaren måtte meine om det, har ein med denne installasjonen fått eit symbol som lyser opp i vintermørket.
Som bilist er det i grunnen fantastisk å kome ned fylkesvegen i adventstida, og sjå lyset som speglar seg i elvevatnet.
– Svelgen Opp og Fram har gjennomført fleire tiltak for å gjere det triveleg i sentrum. Eg merkar det sjølv når eg går til jobb kvar morgon, at omgjevnadane gjere noko med deg. Så dette er viktig, smiler Linn Karin.
Glansen frå turbinhjulet
Arbeidet med installasjonen begynte tidlegare i haust då det enno var drag i lufta etter varmare kveldar. No skal lysa henge gjennom mørketida før dei blir tatt ned på nyåret.
Men her er det meir. Til og med det raude turbinhjulet frå anleggstida har fått ein eigen glans i desembermørket. Det står der som eit taust vitne om dei lange tradisjonane med vasskraft og liv i smelteverksbygda.
Også det etter initiativ frå Svelgen Opp og Fram.