Denne utvandringa skal ein markere på Kolset skule laurdag 13. september klokka 16.00.
Det fortel Liv Marit Bøen som er leiar for Sogenemnda i
kommunen.
Sogenemnda har jobba fram ei tekstsamling med mange
historier om dei som reiste. Dette heftet kan ein kjøpe på
Kolset skule denne dagen.
Rikhaldig meny
Programmet for markeringa er tettpakka med gode innslag.
Bjørg Lofnes skal halde prolog, eller fortale som det også blir
kalla.
Deretter spelar musikarar frå kulturskulen Bremangerhymne.
Denne hymna er skriven av komponist Per Indrehus som hadde
oppveksten sin på øya Hovden sør for Kalvåg.
Etter det musikalske innslaget kjem det eit teaterstykke som er
skrive av etterkommarane etter nokre av dei som utvandra frå
Blålida. Grete Berntzen frå Kalvåg har regien på dette.
– Ein av forfattarane, Marilyn Elstad Vold, kjem faktisk til denne
markeringa. Og ho kjem heile vegen frå Amerika, fortel Bøen.
Tidlegare NRK-korrespondent
Sogenemnda har jobba godt. For dei kjem også med ei
fotoutstilling mellom anna med portrett av dei som reiste ut.
Programmet held fram med sal av rømmegraut, kaker og kaffi,
og eit foredrag frå tidlegare Berlin-korrespondent for NRK,
Roger Severin Bruland. Han har no heimeadressa på
familiegarden i Utvik, og skal snakke om kvifor dei norske-
amerikanske etterkommarane er så konservative og religiøse.
Også kona hans, Britt Pernille Frøholm, kjem til Kolset. Frøholm
har med seg fela, og skal mellom anna spele slåttar skrivne i
Bremanger.
Markeringa blir avslutta av ordførar Anne Kristin Førde.
Konferansier er Dag H. Nestegard.