Meir medvind for Aksel Arvid

Musikkprodusent Aksel Arvid Hauge er frå Bremanger.
Musikkprodusent Aksel Arvid Hauge er frå Bremanger.
Aksel Arvid er i vinden. No blir han trekt fram som ein av dei mest framgangsrike norske låtskrivarane under 30.

Det er bransjeorganisasjonen TONO som melder dette på sine nettsider:

Norges raskest voksende unge låtskrivere  – TONO

Produsent for PinkPantheress
Aksel Arvid Hauge vaks opp på Iglandsvik, og studerte dei store musikkprodusentane på tvers av sjangrar langvegsfrå, som det heiter i presseskrivet frå TONO.

Som 23-åring var han executive producer på britiske PinkPantheress’ «Fancy That». Dette er eit av dei mest kritikarroste prosjekta i 2025, og inkluderer hitlåtane «Illegal» og «Stateside». Desse songane gav PinkPantheress’ første nummer éin-plass på amerikanske Billboard Global 200.

Aksel Arvid har hatt to Grammy-nominasjonar. Nyleg fekk han prisen for «Årets produsent» på Spellemannsprisen 2025. Utdelinga var i Operaen i Bjørvika i Oslo.  

Sju under 30
TONO skriv at dei sju norske under 30 med den største veksten i TONO-utbetalingar frå 2024 til 2025 er: Ari Bajgora, Thomas Brevik («TXMY»), Iben Brodtkorb («Bibbebaby»), Aadne Eriksen Haaland, Aksel Arvid Hauge, Johanne Lid og Oskar Sjåvåg («Oskar med K»). 

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.