NordfjordTreffet 31. mars: Øystein melder om god oppslutning

Øystein Nes frå Inviro på Nordfjordeid.
Øystein Nes frå Inviro på Nordfjordeid.
NordfjordTreffet i Svelgen nærmar seg. Teknisk arrangør Inviro, melder om aukande påmelding frå næringslivet, og andre nysgjerrige som vil vere med.

Dagleg leiar Øystein Nes fortel at det meste er på stell før arrangementet i Svelgen tysdag 31. mars.

– Mange utstillarar og tilreisande er venta til smelteverksbygda denne dagen. I tillegg håpar vi bygdefolket, og dei som bur i Bremanger, tar turen til samfunnshuset og idrettshuset for å vere med på Nordfjordtreffet, seier han.

Du kan melde deg på NordfjordTreffet via denne lenka: Meld deg på NordfjordTreffet her! – Gode Bremanger

Snart fullt hos Dag Otto
Arrangementet med TV-profilen, Dag Otto Lauritzen klokka 16.30, er snart fullbooka, så her ber Øystein Nes interesserte få opp farten:

– Vi har 50 ledige plassar på samfunnshuset, men når dei er tatt stenger vi for fleire påmeldingar. I salen er det plass til 300, og fleire enn det har vi ikkje lov til  ta inn, seier han. Nes viser mellom anna til brannforskrifter.

Omvisning på Elkem
Eit anna populært arrangement er den annonserte omvisinga på Elkem frå 12.00 til 14.00. Her kan berre dei som har stand i Idrettshuset melde seg på.

Inne på Elkem får dei besøkande sjå flytande metall, og på den måten innsikt i kva som rører seg i den høgteknologiske hjørnesteinsbedrifta i industribygda.

Svelgen ein vårdag.

Snart 50 utstillarar
Hovudarrangementet er på Idrettshuset frå klokka 18.00. Øystein seier dei håpar bygdefolket, og folk elles i Bremanger, stiller opp på treffet den kvelden:

– Treffet er for alle, og her treng ingen melde seg på. Vi nærmar oss femti utstillarar, og er fornøgde så langt. Dette blir ein festdag for næringslivet, og for folk i Bremanger, Vi håpar å sjå deg der, smiler han.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.