Lokala vil vere opne frå klokka 17.30. Debatten går fram til klokka 20.00.
Tema for kvelden er:
- Kraftpolitikk og straumpris.
- Distriktspolitikk og rekruttering.
- Kommuneøkonomi, og bruk av vikarbyrå.
- Demokrati og aukande polarisering.
Fleire frå stortingsbenken kjem
Dei som stiller på debatten i Svelgen er:
- Erling Sande, Senterpartiet.
- Torbjørn Vereide, Arbeidarpartiet.
- Sonja Øvre-Flo, Høgre.
- Stig Even Lillestøl, FrP.
- Hege Lothe, SV.
- Per Ståle Husevåg KrF.
- Alfred Bjørlo, Venstre.
- Lill Karin Gamvik Stålnacke, Velferd og Innovasjonspartiet.
Debattleiar er Dag H. Nestegard. Elevar frå Svelgen oppvekst vil stå for sal av kaffe og kaker.
Fagforbundet arrangerer
Eventuelle spørsmål om arrangementet kan stillast til Fagforbundet i Bremanger ved leiar Ann-Lisbeth Hauge. Kontakt servicekontoret på telefon 57 79 63 00.