UKM: Sju gjekk vidare

Frå UKM i Svelgen. Fotograf: Andreas Olsen Sundt.
Frå UKM i Svelgen. Fotograf: Andreas Olsen Sundt.
Stor stemning og mange frammøtte i Svelgen samfunnshus då UKM gjekk av stabelen første søndagen i mars.

Om lag hundre menneske var møtt fram for å sjå dei unge.  

Frå scena kom det eine innslaget etter det andre som perler på ei snor. Det var eit nivå som vitnar om god breidde, og mange talent lokalt.

Dokumentarfilm og komikk
Her var det eigne kunstverk, ulike musikalske koalisjonar, og til og med ein dokumentarfilm av det meir absurde slaget. Altså absurd som i humor. Ungdommen i salen sette stor pris på denne filmen.

Dei som gjekk vidare er:

  • Iselin Kjøsnes, vokalist.
  • Bandet  Blanc.
  • Bjørsvika Groovekompani.
  • 1&20 som er eit band med seks musikarar.
  • Jeanett Sundt og Nicolai Norddal, begge kunst.
  • Konferansier Selma Strand.
  • Andreas Olsen Sundt, fotograf.

Fylkesfestivalen blir arrangert for første gong denne våren, og skal vere i Førde 24. til 26. april. Meir info kjem her: Vestland | UKM

Den nasjonale finalen er i Trondheim til sommaren.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.