Peparkakehuset i Kalvåg

Eit kjent syn på veg inn til Kalvåg før jul.
Eit kjent syn på veg inn til Kalvåg før jul.

Dette huset kom vi forbi på veg til Kalvåg sentrum ein morgon i desember.

Det er mange fine lys å sjå rundt omkring i kommunen i desse juletider. Likevel trur vi heimen i Kalvåg tar kaka så langt. Dei varme lysa blinka i vintermørket over ein heim som kan minne om eit peparkakehus.

Konseptet med slike kakehus skal for alvor ha blitt kjent gjennom eventyret «Hans og Grete», som Brødrene Grimm publiserte i Tyskland på 1800-talet.

Vakkert syn på Frøya.

Vintersolverv
Kalvåg ligg elles på øya Frøya som har namn etter ei norrøn gudinne. Det høyrer med til historia at broren Frøy blei dyrka midtvinters for å sikre at sola kom tilbake om våren.

Frøya skal vere av dei viktigaste gudinnene i den gamle vikingverda, og symboliserer kjærleik, erotikk, magi (seiðr) og fruktbarheit. Ho er det nordiske svaret på gudinna grekarane kalla Afrodite, og romarane Venus.

I slutten av desember høver det difor godt med lys og von på Frøya når vi sakte men sikkert kan sjå mot lysare tider.

God jul!

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.