Reinhald styrer mot mange nye fagbrev

Hilde Larsen er fagleiar for reinhald.
Hilde Larsen er fagleiar for reinhald.

I Bremanger kommune si reinhaldsavdeling er det godt 22 tilsette. – Nesten halvparten kvalifiserer til fagbrev gjennom jobben, og har fått tilbod om å delta på opplæring, seier fagleiar Hilde Larsen.

I opplæringa inngår også grunnleggande kurs i førstehjelp og skadeførebygging, som eit ledd i å styrke den totale kompetansen.

Det er dette kurset dei er i gang med når vi møter dei på den første samlinga i løpet mot fagbrev. Staden er Svelgen omsorgssenter.

Larsen har vore fagleiar sidan i fjor, og seier ambisjonen er klar om å heve kompetansen og kvaliteten på tenestene dei leverer:

– Ambisjonen er at 75 prosent av dei tilsette på reinhald skal ha fagbrev, fortel ho.

Ho legg til at kommunen med på å sponse fagbreva.  

Mange var med på første samlinga for dei som skal ta fagbrev.

Samarbeid med vidaregåande

Kompetanseløftet kommunen gjennomfører er eit samarbeid med Vestland fylkeskommune. Difor er fylket også inne med midlar til utdanningsløpet. For Hilde Larsen blir det viktig å passe på at løpet går som det skal for alle involverte.

– Vi har eit godt samarbeid med Opplæringskontoret for offentlege verksemder på fylket. Alle som er med får eit kompetanse-bevis på det dei kan etter fullført opplæring, enten det er i form av eksamen/fagprøve eller kartlegging av kompetanse, seier ho.

Siv Inderøy (t.v.) og Helene Vedvik representerer selskapet Helse Først som har spesialisert seg på førstehjelp.

Reinhald tar vare på bygg

Hilde Larsen er opptatt av å løfte fram betydninga av reinhaldsyrket:

– Godt reinhald er avgjerande for folkehelsa og bygga våre. Det er faktisk førstelinjes vedlikehald. Vi bidreg i stor grad til å ta vare på bygga, og det er, saman med alle andre oppgåver vi har, viktig for at yrket får den anerkjenninga det fortener, avsluttar ho.

Siv Inderøy (t.v.) og Helene Vedvik representerer selskapet Helse Først som har spesialisert seg på førstehjelp. Dei var også med på samlinga.