Styrer mot nytt bygg på Grotle

Skisse av det planlagde bygget.
Skisse av det planlagde bygget.

Besøksrekorden på Grotlesanden i sommar aktualiserte behovet for nytt servicebygg. – Alle grunneigarane har sagt ja, så vi styrer mot gjennomføring i 2026, seier prosjektleiar Øystein Kolseth.

Vil ha eit permanent bygg
Dagens servicebygg er frå 1980-talet, og har vore stengd i fleire år. I denne tida har publikum kunne nytte ei mellombels løysing med wc i ein stålkontainar. No vil kommunen reise eit meir permanent bygg der ute, med nye fasilitetar som kan brukast av tilreisande heile året.

– Grotlesanden er meir enn bading om sommaren. No er det bading der heile året. I tillegg har vi Vetenløpet som var populært i mange år, og Vetenhytta. Det skjer mykje i området. I sum tilseier dette at eit nytt servicebygg er fornuftig, seier Kolseth.

Dei KI-genererte skissene er laga av tidlegare prosjektleiar, no pensjonist, Frank Husevåg.

Levetid på minst 50 år
Grotlesanden ligg ut mot Nord-Atlanteren, og skal ein bygge på ein slik stad må konstruksjonen vere solid.

– Her blir det fleire omsyn å tenkje på. Det er ein vêrhard stad vi snakkar om, seier Kolseth som legg til at levetida bør vere på minst 50 år.

Han viser til at kommunen reiste eit nytt servicebygg på Hunskår ved Hornelen i 2023. Budsjettramma der var på 3,5 mill. Plasseringa på Grotle er tenkt der dagens bygg står i dag. Men med universell utforming, sjølvbetjent kiosk og varmestove om vinteren. Planen tar sikte på eit brutto-areal på godt 175 kvadratmeter.

Rekordbesøk i sommar
Som kjent opplevde Grotlesanden rekordbesøk i sommar. Frå midten av juni til midten av juli var det 2.500 betalande bilar på Grotle.

Reknar ein to menneske per bil var det i alle fall fem tusen besøkande på sanden i sommar.

I tillegg har kultursjef Norvall Klungresæter peika på behovet for formidling av kulturminna i området, til dømes dei som gjeld Grotle gamle kyrkjegard.

Huset er tenkt som heilårsbygg.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.