Til Førde med info

Anders Igland, Siri Aamot, Tonje Storøy og Michelle Gjelsvik var i Førde.
Anders Igland, Siri Aamot, Tonje Storøy og Michelle Gjelsvik var i Førde.
Første veka etter påske besøkte ein delegasjon frå Bremanger høgskulen i Førde. Der fortalte vi om rekrutteringspakken.

Det formelle namnet på utdanningsinstitusjonen er Høgskulen på Vestlandet, og altså campus Førde. Her utdannar ein grovt sett sjukepleiarar og ingeniørar i tillegg til ei rekke andre fagdisiplinar.

Utsendingane frå Bremanger snakka med studentar og tilsette, delte ut t-skjorter og brosjyrar. Nokre visst litt om kommunen vår, og andre mindre. Men vi møtte også dei som visste mykje – og har vore i Bremanger mange gonger. Utvalet var stort, og smila sat laust.

Planen framover er å besøkje fleire av campusane i vårt område. Neste mål er Høgskulen i Volda.

Gode økonomiske ordningar
I Førde gjentok vi hovudpunkta frå rekrutteringspakken:

  • Sletting av studiegjeld.
  • Tilskot til nye tilsette i kommunen.
  • Gratis barnehageplass.
  • Fritidskortet for barn og ungdom.
  • Bustadtilskotet på 200.000 kroner.

Folk i ulike fasar
Fleire av studentane vi snakka med vurderte praksis i Bremanger, å søkje som ferievikar, eller kanskje til og med flytte til kommunen for å jobbe her. Vi får sjå korleis det går. Frøa er i alle fall sådde denne våren.

Få dei gode historiene

Vi sender deg nyheiter, invitasjonar og glimt frå regionen ca. éin gong i månaden. Ingen spam, berre god stemning.

Vi brukar informasjonen du gjev i dette skjemaet for å halda kontakt med deg og gje deg oppdateringar og marknadsføringsmateriell. Du kan når som helst avslutta abonnementet ved å klikka på «Avslutt abonnement» nedst i nyheitsbreva våre eller ved å ta direkte kontakt med oss. Vi handsamar informasjonen din med respekt og berre i tråd med føremåla du har godkjent. For meir informasjon om personvernpraksisen vår, sjå personvernside vår.

GDPRVi brukar Mailchimp som marknadsføringsplattform. Ved å klikka nedanfor for å abonnera, stadfestar du at informasjonen din vil verta overført til Mailchimp for handsaming. Les meir om personvernpraksisen til Mailchimp.