Kurshaldar var Harald Skarbø. Ålesundaren har sigla jorda rundt som styrmann, og er no lærar i maritime fag på Herøy vidaregåande i Fosnavåg.
11 ungdomar tok kurset
Harald har halde kurs for dei som vil ta båtførarbevis sidan 2006. Båtførarkurset er eit sertifikat for fritidsbåtar.
På Realen hadde 11 ungdomar meldt seg på kurset denne siste veka i juni. Her fekk dei innføring i navigasjon, juss, tryggingstiltak og alt som elles høyrer med til ein ansvarleg tur på sjøen.
Kurshaldaren fortel at etter kurset kan kandidatane som står på eksamen, føre båt opp til 15 meter, og med ein toppfart på 50 knopp.

Harald Skarbø har halde mange kurs gjennom åra.
Må ha løyve for større båtar
Gjennom åra har Harald kursa fleire tusen ungdomar.
I dag er reglane slik at dei som er fødde etter 1. januar 1980 kan føre båt opp til åtte meter, og med ei motorkraft på 25 hestekrefter. Vil du ha kraftigare båt og motor enn dette, må du ta båtførarbevis. Formelt sett er det Sjøfartsdirektoratet ved Smedasundet i Haugesund som bestemmer, og godkjenner slike bevis.
Deltakar frå Færøya
Trude Hjortung-Færøyvik fekk nyss om kurset i Svelgen via Facebook. Til dagleg bur ho på Færøya som ligg vest for Florø, utanfor den omstridde Måsholmen. No køyrer ho drosje i landets vestlegaste by, men målet er eit yrke på sjøen.
Etter kurset i Svelgen er Trude kome eit steg vidare med draumen om å leve av eit yrke på sjøen.

Sjøkart er nødvendig når ein skal rekne avstand og lære kva merkinga langs leia betyr, som for dette kartet frå Vestfold.